Etter påske vil anlegget vere i full drift.

— Litt under halvparten av dei 95 tilsette var på jobb i dag. Fordi det berre er få dagar til påskehelga, ventar vi med å setje i gang full drift til tysdag etter påske, opplyser informasjonssjef Grete Skundberg i Gilde region vest.

Gårsdagens oppstart skjedde etter at Mattilsynet seint fredag kveld oppheva stengingsvedtaket.

— Vi har ikkje sett i gang med å lage fåresnabb, sognemorr, fjellbit og haugpølse. Desse produkta er det framleis forbod mot å omsetje, opplyser Skundberg.