— Hamnar prosjektet på eit sidespor i dette viktige tidsrommet, må vi ta saka opp med statsråden, seier Halleraker til Bergens Tidende.

Skulle samferdsleminister Liv Signe Navarsete, mot alle odds, ikkje syta for ei fullgod løysing, er Høgre ikkje framand for å få utgreidd prosjektet sjølv, seier han.

Halleraker minner om at Stortinget med stort fleirtal har vedteke av prosjektet skal utgreiast. Og intensjonen hans er å ha eit relevant utgreidd prosjekt klar til innarbeiding i Norsk Transportplan (NTP). Dette arbeidet tek til neste år.

Stortingsvedtaket definerer ikkje tidspunktet for utgreiinga. Jernbaneverket er innstilt på effektuera vedtaket, men vurderer korleis utgreiinga skal organiserast. Utredningdirektør Anita Skauge seier at det står mellom eit tilleggsarbeid for den tyske gruppa som arbeider med høgfartstog generelt i Noreg, eller ei separat utgreiing av andre.

— Det er kanskje okey at andre ser på høgfartsringen, seier Halleraker.

— Betyr det at du er skeptisk til arbeidet tyskarane gjer?

— Dei er flinke på marknadsanalysar. Her brukar dei effektive verkty som eg ikkje har sett før her i landet. Men dei har også avslørt veike sider. At ei bane til Bergen skal vera 67 prosent dyrare enn ei mykje lengre til Trondheim, heng ikkje på greip. Dei har også vedgått sjølve at dei ikkje har hatt høve til å setja seg inn i ein del norske tilhøve, seier Halleraker.