OVE ARNE OLDERKJÆR

Den ferske politiske rådgjevaren i Olje— og energidepartementet, Astrid Apalset Vassbø frå Gloppen, måtte steppa inn på Stordkonferansen på kort varsel i går. Sjefen, Einar Steensnæs, melde forfall då statsminister Kjell Magne Bondevik kalla han inn til viktige rådslagingar.

— Om få år vil investeringane i næringa falla til ned mot det halve av dagens nivå. Men norsk sokkel vil framleis ha ei lang og god framtid, sa Astrid Apalset Vassbø på vegner av oljestatsråden.

Langsiktig bane

Strategien er den langsiktige utviklingsbanen som skal sikra norsk oljeproduksjon i over 50 år til, og gassutvinning enno lenger, sa Apalset Vassbø. Ho refererte til regjeringa si ferske oljemelding og til 18. konsesjonsrunde som var klar denne veka.

Tildelingsrunden gav 16 utvinningsløyve til 16 ulike selskap, fire i Nordsjøen og 12 i Norskehavet.

— Kostnadsnivået på norsk kontinentalsokkel er svært høgt, særleg innan boring. Det hindrar villige investorar, og er oljeindustrien sitt ansvar. Regjeringa har ansvar for ei kostnadseffektiv regulering av næringa, sa Astrid Apalset Vassbø.

Den politiske rådgjevaren var glad for at revidert nasjonalbudsjett resulterte i ein milliard kroner ekstra til fondet for forsking og utvikling. Ikkje alle på Stordkonferansen var like imponerte.

— Ein god start. Men Noreg brukar mindre på petroleumsforsking enn på romfartsforsking, sa Rolf Wiborg, direktør for premissar og råd i Oljedirektoratet.

— Det må brukast langt meir på forsking og utvikling i næringa, sa Fellesforbundets leiar Kjell Bjørndalen.

Alt er usikkert

— Etter 37 år med leiting på norsk sokkel veit vi ikkje om det er så lite som ti milliardar fat olje att, eller så mykje som 20 milliardar fat. Det må borast meir, britane har bort mykje meir enn oss, sa Rolf Wiborg.

Den siste ressursrekneskapen over norske petroleumsførekomstar viser at 29 prosent er produsert, 32 prosent ligg i kjende reservoar, og heile 26 prosent er uoppdaga. Men den uoppdaga delen er svært usikker med omsyn til rekningssvarande utvinning, poengterte Wiborg. Som la til at utsikter til høgare oljeprisar gir nye stimuli for satsing på marginale felt og på lengd levetid for gamle felt.