– Vi skal ha styremøte i Redningssselskapet tysdag. Det er landsmøtet som vel styret, og det kan vera naturleg å kalla inn landsmøtet så snart som mogleg for å få vald eit nytt styre. Eg har uansett for lengst meld frå at eg går av som president i Redningsselskapet på det ordinære landsmøtet i mai. Eg hadde sjølvsagt vona at vi kunne halda ro i Redningsselskapet til då. Men slik dette har utvikla seg, ser eg no nesten ikke andre utvegar enn eit framskunda landsmøte, seier Magnus Stangeland til bt.no.

Tidlegast i januar

Han er uviss på om regelverket tillet at det ordinære landsmøtet vert framskunda.

– Dersom det ikke går, kan det vera eit utveg å kalla inn til ekstraordinært landsmøte. Det må skje med tre vekers varsel. Det vil seia at eit slikt landsmøte kanskje kan haldast tidleg i januar.

Stangeland kom heim att seint fredag etter nokre dagar i Ukraina. Det som møtte han var store oppslag i BT om at han var ferdig som president, og at han manglar tillit frå minst halve styret i Redningsselskapet.

– Det er no litt merkeleg at Einar Haavik stiller seg fram som kandidat til presidentstillinga. Han er 3. varamann til styret, og har møtt ein gong, seier Stangeland.

– Men elles vil eg ikke uttala meg om einskildpersonar. Det har eg ikke gjort før, og det kjem eg ikke til å gjera frametter heller.

– Må ta ansvaret

– Reint personleg må det vel vera ei lette å verta kvitt ansvaret for som president i Redningsselskapet?

– Ja, kjære folk. Men så lenge vi sit i stillingane, må vi berre ta ansvaret, seier Magnus Stangeland.

HASTVERK: Magnus Stangeland vil ha nytt landsmøte i Redningsselskapet så snart som råd.
SCANPIX