— Stadlandet står fram som eit unikt landskapsområde. Vindkraftanlegget som Stakraft SF søkjer om å få byggja der vil i vesentleg grad forringa natur-, frilufts- og kulturinteressene på Stadlandet, uttalar statsråd Einar Steensnæs.

Dermed blir det ingen ting av planen om landets største vindkraftverk på Hoddevikfjellet. Statkraft var innstilt på investeringar på rundt 500 millionar kroner i pilotanlegget, eitt av 20 planlagde vindkraftverk langs kysten.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sagt ja til konsesjon. Men miljømotstanden mot anlegget i Nordfjord har vore stor. Riksantikvaren, Norges Naturvernforbund, Direktoratet for naturforvaltning, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norske landskapsarkitekters foreining er blant dei som har engasjert seg mot dei hundre meter høge vindmøllene, 35 i talet plassert i to rekkjer.