Til 2004 var «Språkprøva i norsk for vaksne innvandrarar» den einaste styremaktene hadde å tilby. I alle åra denne var i bruk, var det maksimalt 12 kursdeltakarar som kvart år gjekk opp i nynorsk.

Mot slutten av 2005 blei systemet lagt om, og nivåbaserte norskprøver teke i bruk. I 2006 gjekk 53 framandspråklege opp til desse prøvene i nynorsk, i fjor auka talet på kandidatar til 82. Dette viser tal Bergens Tidende har fått frå Norsk språktest som administrerer norskprøvene.

Sjølv om talet på nynorskkandidatar går opp, utgjer dei framleis eit lite mindretal. Årsaka er at det fram til skuleåret 2003/2004 ikkje fanst læreverk på nynorsk. Same kvar i landet innvandrarar budde, lærte dei av den grunn bokmål.

Etter at det nettbaserte nynorsklæreverket kom, har fleire kommunar gått over til nynorsk. Opplæringssenteret i Gloppen var med på å utarbeide læreverket. Dei trur talet på minoritetsspråklege som vil ta prøvene på nynorsk vil auke jamt i åra framover.

Berre i Gloppen har dei i år 40 framandspråklege som får nynorskopplæring.