• I den kroppsteknologiske tidsalderen gløymer ein at kroppen tek eigne val, og ein tenkjer ikkje på at det ikkje er sikkert ein kan få born.

Det seier Lise Widding Isaksen, førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Bergen.

— Livet skal planleggast, ein skal ikkje overlata til tilfeldigheitene å få born. Først skal ein ha utdanning, så fast jobb, så bustad og så skal ein ha born. No er ein gjerne småbarnsmor til ein er i 40-åra og får ein midtlivsfase med små born og samstundes gamle foreldre som treng hjelp, seier Widding Isaksen.

— Og når ein endeleg er klar, kva dersom ein finn ut at ein ikkje kan få born? Eller kva visst partnaren ikkje kan få born?

I BTMagasinet i dag kan ein lesa om korleis ein prøverørsbarn vert til. Eitt av sju par har problem med å verta gravide på naturleg vis. Forskarane trur at innan ti år vil kvart tredje par ha dei same problema.

Gjennomsnittsalderen for førstegongsfødande har stige jamt og trutt sidan ein begynte å registrera fødselsalder i 1967. Den gong var snittalderen på førstegongsfødande kvinner 22,6 år. I 1996 hadde alderen stige til 26,2, og endå meir til 2002 då alderen på førstegongsfødande var 27,1. Ser ein på alderen for alle fødande kvinner, er den no over 30.

— Dersom ein vil vera sikker på at alt skal gå problemfritt, bør ein få det første barnet før er ein er 25 år, seier overlege på Kvinneklinikken Susanne Albrechtsen.

— Men dersom ein er heilt frisk, er det ikkje krise om ein ikkje får born før ein nærmar seg 30, legg ho til.

Lorentz M. Irgens, avdelingsoverlege ved Medisinsk fødselsregister ved UiB, seier òg at dersom ein berre ser på dei biologiske faktorane, bør ein få born før ein fyller 30.

— Men samstundes spelar sosiale forhold ei viktig rolle. Misdanningar i bukveggen, gastrofyse, aukar blant born som har unge mødre. Dette veit ein ikkje årsak til, men trur det har med livsstilsfaktorar som røyking, alkohol og eventuelt stoff å gjera. Krybbedød er òg hyppigare blant born med unge mødre, og di høgare utdanning ein har, di lågare er sjansen for at barnet døyr under fødselen, seier Irgens.

Dette kan skuldast at dersom mor er eldre, har ho meir erfaring, eit sikrare sosialt nettverk og kan gi barnet betre omsorg.

Etter fylte 35, aukar faren for å få born med til dømes downs syndrom.

— Kva så? seier Lise Widding Isaksen.

— Det bør vera plass til desse borna òg. I dag er det så mykje snakk om å prestera, ein opnar ikkje for å kjenna på at livet er godt å leva. Det er lite slingringsmonn. I den kroppsteknologiske alderen gløymer ein at kroppen gjer eigne val. Men får me betre ungar av å venta og planlegga alt, lurer ho.