HANS K. MJELVA

Ved utgangen av november var nær 20.000 menneske med høgare utdanning utan arbeid her i landet. Det er 11 prosent meir på same tid i fjor, viser nye tal frå Aetat.

Størst vekst er det for dei med meir enn fire års høgare utdanning. Her er veksten, både på landsplan og i Hordaland, på 13 prosent. I alt 514 med landets høgaste utdanning går arbeidslaus i Hordaland, dei fleste i Bergen.

Ringer rundt

Gro Valvatne (29) er ein av dei 514. Med eit hovudfag i sosiologi har ho søkt jobbar sidan juli utan å få napp.

— Eg har søkt alt mogleg, men aller mest førstekonsulentjobbar. Men det er ingen som vil ha meg, merkeleg nok, ler Valvatne, som i går stod fram i studentavisa Studvest.

Den siste tida har ho blitt meir offensiv. To av tre jobbar blir aldri lyst ut. Difor har ho byrja å ringe rundt til bedrifter, og by på seg sjølv.

— Eg reknar med at når eg byrjar å ringje til bedrifter må eg få napp til slutt.

Ho søkjer primært i Bergen, for det er her jenta frå Fitjar vil bu. Men får ho ikkje jobb her, vil ho etter kvart byrje å søkje andre stader. Til dømes i Oslo, dit svært mange av dei universitetsutdanna frå Bergen må for å få seg jobb.

Færre offentlege jobbar

Auken i arbeidsløysa for akademikarar heng saman med ei meir generell utvikling i arbeidsmarknaden: Medan arbeidsløysa i privat sektor går ned, går den opp i det offentlege.

— Det er ei klar betring i industrien, bygg og anlegg og andre private næringar. Der krevs det ofte relativt låg utdanning, medan arbeidsløysa framleis aukar i yrke knytt til det offentlege, seier underdirektør Hans Kure i analyseavdelinga i Aetat.

I tillegg til at etterspurnaden dalar i det offentlege, peikar Kure på at tilbodet av ferdigutdanna aukar.

— Vi har ein høg del av årskulla som tek høgare utdanning, så vi har difor stor tilgang til høgt utdanna, seier han.

Det er likevel ikkje like svart for alle. For folk med høgare teknisk utdanning går arbeidsløysa ned, noko som skuldast at dei i større grad enn samfunnsvitarar og humanistar jobbar i private bedrifter.

Mot straumen

Sjølv om ho er sosiolog, er det private bedrifter Gro Valvatne ringjer for å få seg jobb. Med hovudfag om samanhengen mellom trivsel og produktivitet, meiner ho det må vere konsulentbyrå som har bruk for henne når dei dreg rundt og hjelper bedrifter og leiarar til å bli betre.

— Men dei seier at «vi tilset ikkje folk som ikkje har eigne kundar», eller at «vi er for små til å ta kostnadene med opplæring». Men ein stad må eg då byrje.

STÅR PÅ: Gro Valvatne har tatt konsekvensen av at dei fleste jobbar aldri blir lyst ut. No ringjer ho for å tilby kunnskapen frå hovudfaget i sosiologi til konsulentselskap i Bergen.<br/>Foto: TOR HØVIK