— Det var «stinn brakke». «Alle» var der, seier leiaren for Norsk Tjenestemannslag si avdeling i UD, avdelingsdirektør, Kåre Stormark, til Bergens Tidende.

— «Stinn brakke» er treffande for oppslutnaden. Folk stod langs veggene. Vi måtte avslutte etter to timar, seier leiaren for Akademikerne i UD, rådgjevar Lars Andersen, til Bergens Tidende.

Både Andersen og Stormark seier at det var eit svært bra møte.

— Fagforeiningane i UD ynskte å ha dette møtet med Reinås-utvalet for å ha direkte kontakt med utvalet som har granska tsunami-handteringa. Det var viktig for oss ikkje minst av di kritikken mot UD er så klar, seier Andersen.

- Sterk kost

— Vi konstaterer at rapporten er sterk kost for UD og inneheld sviande kritikk mot UD for måten UD løyste oppgåvene på. Samstundes er utvalet heilt klar på at ansvaret ligg på leiinga. Det er eit lyspunkt at det ikkje ser ut til at svikten i UD har hatt konsekvensar som tap av menneskeliv. Det er også gledeleg at utvalet gjev sterk honnør for arbeidet til dei mange medarbeidarane i UD som stod på, seier Andersen.

— Rapporten er veldig kraftig kost for UD. Den er svært kritisk til rammene for krisehandteringsarbeidet i UD. Då er det positivt at utvalet gjev rosande omtale for innsatsen til einskildmedarbeidar i UD, seier Stormark.

Andersen og Stormark vil ikkje uttale seg om kva dei meiner om Reinås-utvalet sin omtale av «ukulturen» i UD: «autoritær og fryktbasert lederstil, streng regelstyring og begrensninger i informasjonsflyten» om «frykt for reaksjoner fra ledelsens side dersom UDs regler ble brutt, hemmet mange medarbeidere under håndteringen av krisen gjorde dem usikre».

«Låg takhøgd»

Men begge gjev uttrykk for at fleire i UD opplever situasjonen slik.

— Vi er kjent med at mange av medlemene våre opplever at takhøgda for kritikk og motførestillingar internt, er for låg. Det er leiinga sitt ansvar å sørgje for nok rom til at kritikk og motførestillingar kjem fram, utan otte for reaksjonar, seier Andersen.

Han legg til at UD er ein stor organisasjon og at ikkje alle kjenner seg att i dei negative skildringane av «ukulturen».

Både Andersen og Stormark seier at dei ventar at rapporten frå Reinås-utvalet blir lagt til grunn for det vidare arbeidet i UD når det gjeld organisasjonsutvikling og arbeidsmiljø, og planar for krisehandtering i UD.