Det viser ei undersøking som Synovate MMI har gjort for Sosial– og helsedirektoratet.

41 prosent av dei spurde 15-, 16— og 17-åringane svara at dei hadde drukke seg fulle i løpet av sommaren. Ein del av dei var fulle for aller første gong. Undersøkinga avdekkjer også at ein god del 16- og 17-åringar kring i landet alt hadde begynt å drikke alkohol før sommaren starta.

52 prosent har drukke seg fulle minst ei gong. Av desse att svarar 79 prosent at dei drakk seg fulle i løpet av sommaren, skriv Dagsavisen.

– Sjølv om medieoppslaga denne sommaren har vore prega av ungdomsfyll i Syden og på festivalar, veit vi også at alkoholkonsumet til foreldra er ein viktig påvirkningsfaktor for dei unge, seier avdelingsdirektør Jens Guslund i Sosial– og helsedirektoratet.

Dagleg leiar Lars Norbom i Natteravnene i Oslo opplyser at faren for å bli utsett for tjuveri, ran, vald og seksuelle overgrep aukar når ein er full. Norbom seier til Dagsavisen at jentene i større grad enn før går på fylla, og at både gutar og jenter hamnar i slagsmål når dei drikk.