*** Morenar:** ein lett kjenneleg voll viser kor langt Blåisen har breidd seg utover. Eit område med frodig grønt på utsida av sidemorena tyder på at der var det isfritt i den «vesle istida», som varde frå ca. 1400 til rundt 1920. Blåisen og Midtdalsbreen vaks altså ikkje saman då dei strekte seg langt og breitt for 2–300 år sidan.

*** Kartlav:** Grøne «flekkar» av kartlav på steinar syner grensa for Midtdalsbreen si framrykking i den vesle istida. Der flekkene er over ca. 10 cm. i diameter var det isfritt i den vesle istida. Der dei måler berre ca. 5 cm var grunnen dekka av is til langt inn på 1700-talet.

*** Skuringsstriper:** Ein bre i rørsle skubbar med seg utrulege mengder stein. Desse lagar riper i fjellgrunnen som viser kva retning breen har tatt. Naturleg nok er det mange riper som peikar ned mot dalen. Men Atle Nesje viser oss også riper som går parallelt med dalen. Då snakkar vi om istida som varde frå ca. 70000 til 8–10000 før Kristus. Isen fylte då opp heile Finse-dalføret, og isen seig ikkje mot dalbotnen, men nedover dalen.