Forskarar frå Universitetet i Bergen har gjort funn i Nordvest-Russland som er like gamle som dei er oppsiktsvekkande. Under ei utgraving heilt nord ved polarsirkelen, vest for Uralfjella, er det funne ein nesten 40.000 år gamal buplass. I eit klima med vintertemperaturar ned mot minus 50 grader celsius har steinaldermenneske skaffa seg eit utkomme, fleire tusen år før forskarane trudde det fanst menneske så langt nord. Resultata av utgravingane blir presentert i siste nummer av det prestisjetunge vitskaplege tidsskriftet "Nature".

Funna er eit resultat av eit norsk-russisk forskingssamarbeid, og fremst i arbeidet har professorane John Inge Svendsen og Svein Indrelid ved Universitetet i Bergen stått, saman med russaren Pavel Pavlov ved Komi-avdelinga av det russiske vitskapsakademiet.

Pålitelege dateringar

Ein 1,3 meter lang bit av ei mammut-støyttann er det definitive provet på at det budde menneske ved polarsirkelen 30.000 år før isen forsvann frå norskekysten. Tanna har tydelege hoggemerke, og undersøkingar med mikroskop viser at merka må vere laga med ein skarp flintreiskap.

Det vart også funne ein steinkniv, fleire andre reiskapar, to hestetenner, beinrestar av ulv og reinsdyr og heile 114 mammutbein på buplassen, som ligg ved elva Usa like ved Uralfjella. Dateringane er gjort med den såkalla C14-metoden, og blir vurdert som svært pålitelege.

Grønt og frodig

— Truleg har desse folka først og fremst levd av jakt på mammut. Landskapet har vore fritt for skog, men med eit rikt dyreliv i grøne og frodige elvedalar heilt opp mot Barentshav-kysten. Tørre vintrar har gjort det mogleg å overleve, seier geologiprofessor Svendsen, som i fleire somrar har deltatt i feltarbeidet.

Steinaldermenneska har truleg budd i telt eller hytter, og forskarane meiner det er ein sommarbuplass som er funnen.

Tidlegare har forskarane trudd at også denne delen av Russland var dekt av is for 40.000 år sidan, slik Skandinavia var på den tida. No viser det seg at dette området har vore isfritt samanhengande i 50.000 år. Til samanlikning vart dei første områda rundt Bergen først isfrie for ca. 14.000 år sidan.

Kan ha vandra mot vest

Den rådande teorien hittil har vore at dei første menneska kom til Noreg ved å følgje iskanten då han trekte seg nordover. Funna av så eldgamle mennskespor i russisk Arktis viser at den første nordmannen også kan ha kome ein annan veg: Vestover langs Barentshavskysten. – Ein slik hypotese kan ikkje avvisast. Desse områda var veldig tidleg isfrie, og det var difor ingen naturlege barrierer vestover mot Noreg, seier Svendsen.

Dei eldste kjente buplassane i Noreg er ca. 11.000 år gamle, og ligg langs kysten i Sør-Noreg. Dersom det har funnest enda eldre buplassar lengre nord i landet, vil desse i dag liggje på havets botn.

Medan landet i Sør-Noreg har heva seg opp frå havet, er tilfellet det motsette i nord. Det som var kyststripa i Nord-Noreg då isen trekte seg attende, ligg ute i sjøen i dag. Eventuelle spor etter kystbusetnad frå den tida vil difor vere tapt for evig.