OGNE ØYEHAUG

All næringsretta forsking på fisk og landbruksprodukt under ein leiing, i eitt selskap med 1,5 milliardar kroner i omsetning og 1600 tilsette.

Slik blir det dersom landbruksminister Lars Sponheim og fiskeriminister Svein Ludvigsen følgjer rådet eit utval leia av administrerande direktør Finn Bergesen i NHO la fram på ein pressekonferanse i går.

Sponheim og Ludvigsen vil samle trådane, skape samarbeid mellom landbruk— og fiskerinæring, og sørgje for et forskingsmiljø med større slagkraft. Det er for smått og oppstykka i dag, tykkjer dei.

Bergensaren Finn Bergesen meiner det er viktig at leiinga for et slikt selskap kjem raskt på plass. Men kvar hovudkontoret skal ligge overlet utvalet til politikarane å avgjere.

— Tromsø er ei god adresse for meg, seier Ludvigsen.

— Eg synest ikkje umiddelbart fiskeriministeren har noko dårleg forslag når han talar for sin heimby, seier Sponheim.

Krava ministrane stiller for å vurdere kvar hovudkontoret skal plasserast er at byen må ha universitet og eit sterkt fagmiljø i tillegg.

Det betyr at kampen vil stå mellom Tromsø, Bergen og Oslo.

Finn Bergesen har lang fartstid både i fiskeri- og landbruksnæringa, først som sjef i Norges Sildesalgslag, deretter som leiar for Kavli.

Toppleiarjobben er neste skreddarsydd for Bergesen, og på pressekonferansen i går vill han ikkje avkrefte at han er uvillig eller uaktuell som første leiar i det nye forskingsselskapet.

Selskapet skal samle Akvaforsk, Fiskeriforskning, delar av Havforskingsinstituttet, Matforsk, Norkonserv og SINTEF Fiskeri- og Havbruk.