I går reiste Ap-representanten Olav Akselsen frå Hordaland saka i den spontane spørjetimen i Stortinget. Akselsen meiner avgjerda til Sponheim kan få alvorlege og dramatiske konsekvensar for prinsippet om buplikt avdi den skaper presedens.

Vil vurdere

Det avviser Sponheim som hevdar at saka er vurdert konkret, utan at det skaper presedens.

Sponheim opplyste at departementet nå vil vurdere om det er grunnlag for ei ny behandling av saka.

Før ein tek stilling til det, vil departementet be alle partane i saka uttale seg på grunnlag av det brevet som Lillesand kommune sendte til departementet tysdag.

Departementet arbeider også med ei skriftleg orientering til Kontrollkomiteen på Stortinget, som har engasjert seg i saka.

Påstand mot påstand

Temaet for departementet i spørsmålet om ny behandling vil vere om det har kome bod eller er forsøkt levert bod på eigedomen og i tilfelle til kva pris.

Det er alt nå klart at påstand her står mot påstand.

Selgaren, Venstre-mannen, Henrik P. Thommessen, hevdar overfor Bergens Tidende at han aldri har fått noko bod på eigedomen.

Kommunen meiner å kunne dokumentere at det er levert eit bod på to millionar kroner, at ein har freista å levere bod på 3,5 millionar og at fleire andre, som ynskte å gi bod, har fått beskjed av Thommessen om at bod under 10 millionar var uinteressant.

Departementet har på si side lagt til grunn at det har kome eit bod på to millionar kroner.

Thommessen hevdar overfor Bergens Tidende at han har «ryggen fri» dersom ingen kan dokumentere at dei har levert bod. Han hevdar at han ikkje har noko slags bevisplikt.

— Må sjølv bere risikoen

Korleis ein interessent skal kunne dokumentere at han har levert eller freista å levere bod, når Thommessen ikkje har nytta meklar, er ikkje godt å seie.

— Thommessen har sjølv valt eit handlemønster som ikkje skaper notoritet. Han må då sjølv bere risikoen for ikkje å bli trudd, om han ikkje kan dokumentere at ingen har forsøkt å levere bod, seier ordføraren i Lillesand, Odd Steindal (H), til Bergens Tidende.