Sponheim «bannar i kyrkja» ved nå å opne for å snakke om bondens personlege eigenskapar og evne til å få økonomi ut av bruket.

— Areal betyr sjølvsagt mykje, men vi snakkar for lite om bondens personlege eigenskapar. Det er mange døme på at manglande areal blir oppvege av ein dyktig bonde. Samstundes må vi kombinere biologi og økonomi. Det er grenser for kor langt ein kan effektivisere, seier Sponheim.

Han meiner pendelen nå har slått langt nok ut i effektivitetsretning. Dyrehelseproblema som fylgje av effektiviseringskrava, har opna auga for mange.

Mjølkekvotar

Han vil opne for ei viss omsetting av mjølkekvotar for å auke inntektsgrunnlaget for bruka. Han viser til at mjølkekvotane har vore uendra i om lag 20 år, og at tida har sprunge frå strukturane. Nå er det sterkt behov for fornying av driftsbygningar. Det krev investeringar som knapt let seg forsvare økonomisk for nye brukarar. Han stipulerer kostnaden til rundt 150.000 kroner pr. båsplass. For gjennomsnittsbruket på 13-14 kyr utgjer det to millionar kroner i investeringar. Han ynskjer også å ta i bruk målretta skatteverkemiddel overfor bøndene. Han meiner det vil treffe bøndene godt og ha stor nettoverknad. Men denne saka er ikkje ferdigdrøfta i regjeringa.

Sponheim meiner utdanning, interesser og alternativ sysselsetting for ungdommen som kjem frå gardsbruk, målt opp med utsiktene for landbruket slik det er i dag, gjer at landbruket taper kampen om arbeidskrafta. Difor må ein legge betre til rette for kombinasjonsbruk og samdrift.

Nei til Rimi og Rema

Han har ikkje gjeve opp trua på framtida for norsk landbruk.

Føresetnaden er då at det blir gjort ein del handgrep som kan betre lønsemda. For å få det til, må ein tenkje meir på kva forbrukarane vil etterspørje. Og Sponheim trur det er mogeleg til dels å lære opp forbrukarane.

— Det må satsast på å utvikle kvalitet. Norsk landbruk vil ikkje overleve om all omsetnad av landbruksprodukt i framtida skjer i butikkar av typen Rimi og Rema.

- Mot smertegrensa

Sponheim vart uteksaminert frå Landbrukshøgskulen på Ås for 21 år sidan med landbruksøkonomi som hovudfag. Han hadde då studert investeringar i driftsbygningar i mjølkeproduksjonen.

Den gongen var det 130.000 bruk i Noreg. I dag er det om lag 65.000 att, altså ei halvering på 20 år. Talet på mjølkeprodusentar er halvert frå om lag 40.000 til nå litt over 19.000.

Trass i denne kraftige tilbakegangen er det dyrka arealet om lag det same i dag som for 20 år sidan.

— Det same arealet blir stelt av halvparten så mange bønder. Men det er nå teikn som tyder på at vi nærmar oss ei smertegrense - at areal går ut av bruk. Då er det fare på ferde, seier Sponheim.

— Det vil ha store konsekvensar for kulturlandskapet. Kulturlandskapet har ein veldig verdi, både for miljøet i bygdene og for turismen. Desse faktorane er avgjerande for sysselsetting og folkesetnad på bygdene. - I mitt eige liv har kampen mot kratt som veks innover innmarka mi i Ulvik, vore større enn kampen mot dei som kjempar mot meg i Venstre, seier Sponheim ikkje utan sjølvironi.