Dette er etter det Bergens Tidende kjenner til resultatat av dei langvarige overlegningane i regjeringa i spørsmålet om kven som skal få dei to ledige fylkesmannsembeta.

Dei to blir utnemnd i statsråd på slottet klokka 11. Klokka 14.00 vil statsråd Rigmor Aaserud presentere dei to nye fylkesmennene for pressa.

Har tatt tid

Regjeringa har halde korta tett til brystet heilt til i dag om kven som skulle få dei to attraktive stillingane.

Seint i går kveld hadde ingen av kandidatane høyrt noko om kven som får og kven som ikkje får jobben.

Avgjerda har drege så langt ut at både Svein Alsaker i Hordaland og Mona Røkke i Vestfold forlet embeta sine før dei nye fylkesmennene tiltrer. Begge fyllte 70 år tidlegare i denne månaden og fell for aldersgrensa til påske.

Vraka Ap-mann

Valet av Sponheim inneber at regjeringa har vraka ein av sine eigne, tidlegare stortingsrepresentant og statsråd, Reidar Sandal (Ap) frå Sogn og Fjordane.

I førre stortingsperiode hadde han jobben som leiar av den viktige finanskomiteen på Stortinget. Han er nå ordførar i representantskapen i Noregs Bank.

BT er kjend med at det har vore sterkt delte meiningar i Ap i synet på valet mellom Sponheim og Sandal.

I det offentlege rommet har mange Ap-politikarar uttala sterk støtte og nærast eit krav om at Ap og Reidar Sandal burde få jobben. Men etter det BT veit har fleire leiande Ap-politikarar, både sentralt og lokalt, støtta Sponheim sitt kandidatur.

BT er også kjent med at Senterpartiet har pressa på for at Eva Lian, tidlegare stortingsrepresentant for partiet, burde få fylkesmannsjobben i Vestfold. Men partiet nådde ikkje fram med det kravet.

Kva meiner du om valget av Lars Sponheim? Bruk kommentarfeltet: