— Dersom varene blir usynlege, er prisen det einaste leverandørar og butikkar har igjen å konkurrere på, forklarar Kvam.

— Dette forslaget kan stride mot den overordna målsetjinga om å halde prisane oppe på tobakk.

- Kva blir konsekvensane for tobakksindustrien av eit slikt forbod?

— Konkurransen blir avgrensa, og det blir svært vanskeleg å introdusere nye produkt, seier Kvam.

- Då blir jo helseministeren glad?

— Det finst overhovudet ikkje belegg for at eit slikt tiltak har dokumentert effekt på forbruket, hevdar Kvam, og viser til Island, som har innført tobakk under disk.

Ifølgje Kvam er det norske framlegget om tobakk under disk no ute på høyring i alle EU- og EØS-land.

— Framlegget er handelshindrande, og i strid med EØS-avtalen, men det nemner ikkje Brustad med eit ord, seier Kvam.

Sjølv om talet på nordmenn som røykte, gjekk ned i 2007, ifølgje SSB, så gjekk salstala for sigarettar opp med 1,1 prosent, samanlikna med året før.

Salet av snus gjekk opp med over tretti prosent, mens rulletobakksalet gjekk ned med 2,4 prosent.