— Alt er på vent. Her må meir fakta på bordet, seier Christin Kalve. Stord-dama har måtta avlysa ein visningstur til Brasil i juli på grunn av uvissa som rår rundt norske eigedomsprosjekt i Natal-provinsen.

Det svære spa- og sportssenteret i Arituba, bygt saman med eit leilighetskompleks på 262 husvære, står halvferdig. Arbeidet er innstilt inntil politi og dommarar i Brasil har fått klargjort om alle skattar og avgifter er betalte korrekt.

— Det er stillstand på ubestemt tid. Men eg reknar med at Christin Kalve skal få i gong spa-senteret, seier Lars Hjelde i Ferie-Brasil, som har ansvar for anlegget i Arituba.

— Eg håpar at alt kjem fram i lyset, at politi og styresmakter kjem til botnar i dette, slik at vi kan tenkja framover igjen, seier Christin Kalve, som satsar på visningstur til Arituba til hausten.

UTSETT: Politietterforskning i Brasil fører til at Christin Kalve må avlysa visningsturen i juli til spa-anlegget som ho skal leia i Arituba sør for Natal. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ