«Det er inga løysing å ikkje finne løysingar», fastslår Sp-leiar, Åslaug Haga. «Vi vil ha ein regjeringsplattform som er rimeleg godt detaljert».

Snakkar av erfaring

Senterpartiet veit kva ein snakkar om, for ulikt dei to framtidige regjeringspartnarane, har Sp erfaring frå regjeringsforhandlingar.

Det gjeld frå 1965 (Borten-regjeringa), frå 1972 (Korvald-regjeringa), frå 1983 (Willoch-regjeringa), frå 1989 (Syse-regjeringa) og frå 1997 (Bondevik I-regjeringa). Senterpartiet var også med i episoden Lyng-regjeringa i 1963, men det gjekk så fort, og alle var klar over at det ville vare kort, at det knapt var særlege røynsler å ta med seg.

I 1983, då Willoch-regjeringa vart utvida med KrF og Sp, vart både KrF og Sp overrumpla eller «bondefanga» då Willoch stilte med ei ferdig utarbeidd regjeringserklæring, kan den sentrale Sp-forhandlaren frå den gongen, Johan J. Jakobsen, fortelje. Og i 1997 stilte KrF med så sterke krav at sentrumsprosjektet heldt på å havarere før det var sjøsett.

«Svinebinde» Ap

Senterpartiet veit nå at dei stridsspørsmål mellom dei tre partia som ikkje er avklart før Regjeringa er skipa, er det langt tyngre å få gjennomslag for når ein først sit i posisjon. Samarbeidet bind og forpliktar. Difor må ein «svinebinde» Ap gjennom regjeringsplattforma.

Her har både Sp og SV nokså sikkert andre interesser enn Ap. Ap kan ha større interesse av at avklaring av framtidige stridsspørsmål utstår i tillit til at «kjøtvekta» då vil ha større gjennomslag.

Sp-leiar Åslaug Haga har sett seg som mål og «garanterer» at regjeringsplattforma skal ha ein klar grøn farge. Ifølgje Haga gjeld det «alt som handlar om det lokale: tenester, miljø og næringsliv».

Klør i heile kroppen»

Mange har sagt at regjeringsforhandlingane mellom Ap, SV og Sp er dømd til å lykkast, rett og slett avdi dei tre partia har satsa så mykje, har oppnådd fleirtal og har lova veljarane å levere. Men ingen treng tvile på at forhandlingane blir tøffe, trass i all verbal omsut nå.

I går omtala Åslaug Haga dette som ein «historisk og unik mulighet» då ho tala til landsstyret og den nye stortingsgruppa. Og ho la til at «mange av oss klør i heile kroppen etter å få gjennomførd Senterparti-politikk».

Men det skal dei nok bli tre om. Det er vel kjend at mange, spesielt i Ap, hyser aggresjon og forakt overfor Sp. Det var ikkje utan grunn Ap-leiar Jens Stoltenberg torsdag mana sine eigne til å vende frustrasjonane sine mot partisekretær Martin Kolberg, ikkje i det offentlege rom.

Står på alt

Haga forsikrar at Sp ikkje har gjeve opp ein einaste posisjon eller standpunkt før ein går til forhandlingane. Her skil Sp seg frå SV som alt før valet, gav opp fleire standpunkt.

— Ingenting er forhandla bort før vi set oss ned på Soria Moria. Vi går til forhandlingane på Sp sitt program, seier Haga.

Eitt av dei viktigaste krava er betring av kommuneøkonomien ved å gje kommunane 5,7 milliardar meir neste år. Det skal vere første del av ein opptrappingsplan.

Det er også eit klart krav om ein meir aktiv næringspolitikk som omfattar meir risikokapital til å gje eit distriktspolitisk løft. Og det er krav om meir satsing på samferdsle, meir til idrett, friviljuge organisasjonar og kultur.

Åslaug Haga seier målet er å gjere alle dei tre partia til «vinnarar» og siktar alt nå mot å vinne valet både i 2007 og 2009.

Ho snakkar varmt om at Senterpartiet sitt program når det gjeld oljeboring i nord og bygging av gasskraftverk, er gode og naturlege kompromiss mellom dei tre regjeringspartnarane. Sp har her Ap og SV på kvar si side.

Men Haga vil ikkje seie om Regjeringa bør gripe inn overfor konsesjonane som er gjevne til bygging av gasskraftverk for å gjere dei meir miljøvennlege.