• Regjeringssamarbeid bør ikkje vera på dagsorden for Senterpartiet no. No er det tid for å vera seg sjølv nok.

Dette er Sp-veteranen John Dales (63) bodskap til Senterpartiets landsmøte, som tek til på Røros i morgon. Han er ikkje tilhengjar av at partiet skal gå inn i noko regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet etter Stortingsvalet om vel to år.

— Eit parti som ligg så langt nede som Senterpartiet, bør i staden nytta tida til å konsolidera si eiga politiske plattform, meiner den tidlegare partisekretæren og stortingsrepresentanten.

Dessutan ser Dale det som heilt uaktuelt at Arbeidarpartiet og Senterpartiet kan samarbeida i regjering så lenge EU-saka står mellom dei.

— Eg seier ikkje at det ikkje kan vera rom for tvilarar eller ja-folk mellom Sp sine veljarar. Men som parti må også Senterpartiet i den neste EU-debatten framstå som eit klart nei-parti, slår Dale fast.

Vegval for Europa

Det har vore stille frå partiets grå eminense frå 80- og 90-talet, etter at han trekte seg attende frå Stortinget for halvanna år sidan. No er han til dagleg oppteken med å undervisa i samfunnsfag på Voss Gymnas.

Men den tidlegare partistrategen arbeider framleis kulissene for sitt gamle parti. Som leiar i Senterpartiets Studieforbund har han fast plass i sentralstyret. EU-saka og internasjonale spørsmål står framleis hjertet hans nær. Dale er budd til å ta fatt på sin fjerde EU-strid. Han har ansvaret for å førebu eit nytt studieopplegg for partiet om EU-spørsmålet. Til hausten set partiet i gang skuleringa av medlemmene.

— Denne gongen bør debatten få ein annan karakter enn førre gong, understrekar han.

— Økonomi vil ikkje stå i sentrum på same måte som sist. EU-debatten vil meir verta ein debatt om Europa og kva veg vi ønskjer at Norge skal vera med å staka ut for Europa, seier han.

— Er det ein ny EU-strid som kan redda Senterpartiet no?

— Ein EU-strid aleine kan ikkje redda noko parti. Men når EU-debatten kjem, gjeld det for Senterpartiet å ha dei best gjennomtenkte argumenta.

Åtvarar Haga

Dale har ikkje mykje til overs for politikarar som lar seg bruka av underhaldningsindustrien for å gjera seg kjent og tekkjast veljarane. Difor oppmodar han partiets påtroppande leiar, Åslaug Haga, om å konsentrera seg om politikken og ikkje la seg bruka opp i meir eller mindre fantasifulle underhaldningsprogram på tv. Han synest likevel Haga kom brukbart frå forestillinga då ho var deltaker i NRK1s «Nytt på nytt» for nokre veker sidan.

Leiarskiftet i Senterpartiet kjem etter ønskje frå grasrota i partiet. Fleire av fylkeslaga gav uttrykk for at dei ønska at Odd Roger Enoksen måtte skiftast ut. Men Dale vil ikkje gje Enoksen aleine skulda for attendegangen på meiningsmålingane.

— Enoksen er svært lydhør for forskjellige oppfatningar. Eg synest han har hatt evne til å skapa rom for spennvidd i dei politiske diskusjonane i sentralstyret. Men opposisjonstilveret har ført partiet inn i skuggedalen. Dessutan har partiet trengt tid til å diskutera med seg sjølv. Dermed har partiet også mista styrken til å stå fram med særleg sterk kraft.

BAK KATETERET: John Dale har bytta ut Stortingets talarstol med kateteret. Då BT var på snarvistt i klasserommet var det kriminalpolitikk som stod på timeplanen i andre klasse i samfunnskunnskap på Voss Gymnas. I forgrunnen elevane Sjur Skeie Pettersen (t.v) og Sindre Tveit, begge frå Voss.<br/>Foto: RUNE SÆVIG