OLAV GARVIK

— Vi har fått eit urban-Høgre med lite forståing for distriktsproblema. Erna Solberg står for ein reindyrka «thatcherisme», seier Liv Signe Navarsete frå Lærdal som er nestleiar i Senterpartiet.

— Solberg er ein marknadsliberalist som har ført Høgre lenger til høgre enn Jan Petersen gjorde. For å demma opp mot dette nye Høgre ser eg gode grunnar for å skipa regjering der òg SV er med, seier Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal som er leiar i Senterpartiet i Hordaland.

Begge reagerer med sorg når dei høyrer at Senterpartiet på ei ny meiningsmåling hamnar under sperregrensa og risikerer å falla heilt ut av Stortinget neste haust. Målinga som Intera ResearchLab har gjort for Vårt Land syner 3,4 prosent for Sp (1,3 prosentpoeng dårlegare enn i juni). Ei tilsvarande måling som Opinion gjorde for Aftenposten for ei veke sidan var like nedslåande.

Høgre i to utgåver

— Kan det tenkjast at dei klåre signala om regjeringssamarbeid med SV har gjort mange senterpartifolk urolege?

— Eg har i sommar berre fått ein einaste telefon frå ein som var usikker på om dette er rett, og frå grasrota elles merker eg lite uro i så måte, seier Navarsete som ved sida av nestleiarvervet i partiet er gruppeleiar i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

— Eg møter ulike reaksjonar. Det er nok ikkje så mange som jublar for at vi skal samarbeida med SV. Andre har faktisk ganske gode røynsler med Høgre i kommunestyra, men til det svarar eg at det er eit heilt anna Høgre enn det vi finn i Stortinget og regjeringa, seier Brattabø Handegard som er varaordførar i Jondal.

- Ap er «Høgre light»

Det ideelle ville etter hennar skjøn vera ei sentrum-Ap-regjering. Men ho kan styra begeistringa for så vel Arbeidarpartiet som for SV, og grunngir det slik:

— Stoltenberg-regjeringa stod fram som «Høgre light». Men distriktskreftene i Arbeidarpartiet ser ut til å ha eit sterkt ønske om å få Senterpartiet med i ei trepartiregjering.

Også SV vil vera med å styrkja distriktspolitikken og omsynet til fellesskapen. Derimot er eg skeptisk til den politikken SV står for innan samferdsel og næringsutvikling, seier Sigrid Brattabø Handegard til Bergens Tidende.

Ho set likevel som vilkår for regjeringsdeltaking at Senterpartiet ved valet får minst like mange representantar som i dag.

Dårlegare tal i fjor

Liv Signe Navarsete trur ikkje at det berre er dei omstridde signala om regjeringssamarbeid som gir utslag på dei siste meiningsmålingane. Partiet slit med å nå fram med sine saker, og i Stortinget er det nærmast i «ingenmannsland», som ho seier.

— Dessutan får det vera ei trøyst at vi hadde endå dårlegare tal på målingane i fjor sommar, legg ho til.

— For oss er det viktig å ta ansvar, og vi kan ikkje sitja på sidelina i fire nye år. Sjølv om det ikkje vert nokon søndagsskule å regjera i lag med Arbeidarpartiet og SV, vil vi nok få meir att enn om vi står utanfor. Det ideelle ville vera om Sp og SV vart jamstore - mot eit dominerande Ap, seier Navarsete.

TO SLAGS HØGRE: Liv Signe Navarsete frå Lærdal (t.v.) og Sigrid Brattabø Handegard frå Jondal meiner at det Høgre dei møter omkring i kommunane og i fylkestinga er langt meir tiltalande enn partiet nasjonalt. <p/> ARKIVFOTO: RAGNHILD HOV