Reikvam, som opphavleg er frå Førde, representerer Akershus på Stortinget og er mellom dei i SV som er utålmodige og måteleg nøgde med det regjeringa har prestert. Men han er ikkje blant dei kvassaste kritikarane:

– Eg ventar spent på 2007-budsjettet. Der må vi sjå resultat både innan fordeling og utdanningssektoren. Folk må ha lov til å venta markant endring innan t.d. skuleverket, at det vert fleire lærarar og eit verkeleg kunnskapsløft.

På minussida nemner han regjeringa sin skattepolitikk, som var «ubehageleg» i fjor haust. Han reagerte og sterkt på den måten Kristin Halvorsen vart sett på plass av Stoltenberg og Gahr Støre i samband med den varsla boikotten av israelske varer.

Parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, meiner at den raudgrøne regjeringa har gitt god utteljing for hennar parti. Det svære milliardløftet i kommunesektoren står likevel i ei særstilling når ho ramsar opp sak etter sak. Dette opnar for merkbart betre lokale velferdstilbod.

Men ikkje alt er roseraudt:

– Vi må trekkja den lærdomen av Odfjell-saka at viktige vedtak i regjeringa må ha ei betre forankring i dei tre stortingsgruppene. Den medfarten olje— og energiminister Odd Roger Enoksen fekk, både i den saka og i striden om grøne sertifikat, gjorde inntrykk på meg. Vi kan ikkje ha fleire slike episodar, men no må vi ha lært, seier ho.

– Ap har ein annan kultur enn Senterpartiet når det gjeld forholdet mellom regjeringa og Stortinget. Det er ingen tvil om at det er her på Løvebakken makta skal vera, presiserer ho.