Dette er hovudtrekk ved BTs partibarometer for mai utførd av Sentio SRG.

Senterpartiet får ein oppslutnad på sju prosent som er klart betre enn ved stortingsvalet i 2005. Også SV får ein oppslutnad nær valresultatet i 2005. For begge desse partia er oppslutnaden større enn på lenge i BT sitt barometer. Så sjølv om Ap går tilbake, er resultatet for regjeringspartia samla det beste på fleire månader.

— Hadde dette vore stortingsval ville regjeringspartia fått 79 representantar, opposisjonen 90. Barometeret gav regjeringspartia 75 representantar i januar, 71 i februar, 78 i mars og april og 79 i mai, opplyser Arve Østgaard i Sentio SRG.

Det er 169 representantar på Stortinget, og det krevst 85 for å få fleirtal. I dag har regjeringspartia 87, opposisjonen 82.

Haga nøgd

Østgaard påpeikar vidare at det kan sjå ut til at tilbakegangen for Frp på meiningsmålingane har stoppa opp. Dei to siste månadene har målingane gjeve framgang for Frp.

— Eg er glad for at dei raud-grøne samla står rimeleg sterkt på denne målinga og er gler meg sjølvsagt over Sp sin framgang, seier Sp-leiar Åslaug Haga.

Ho legg til at ho er varsam med å tolke einskildmålingar.

— Men eg må kunne seie at vi har hatt hyggelege målingar i det siste. Eg vonar at det kjem av at folk ser at vi held det vi lova i valkampen: styrking av lokal velferd, kultur og samferdsel, seier Haga.

Høgre på staden kvil

Av opposisjonspartia er det berre Frp som ville ha styrkt stillinga om dagens måling hadde vore stortingsval. Partiet ville fatt 11 nye mandat, berre seks færre enn Ap. Høgre står på staden kvil medan KrF og Venstre ville ha mist ein respektive to mandat.

Dette inneber at Høgre hittil har måtta sjå langt etter draumen om «Erna-effekten».

— Målingane svingar. Vi har hatt klar framgang på fleire målingar i seinare tid. Denne skil seg negativt ut. Eg er heilt overtydd om at Høgre kom styrka ut av landsmøtet som sette fokus på kunnskap, skule og kvalitet i omsorg, seier Jan Tore Sanner, nestleiar i Høgre.

— Betyr det at du ventar nye byks oppover på meiningsmålingane for Høgre?

— Vi reknar med at vi vil styrke oss på målingane framover. Også kommentatorane i media meinte vi hadde eit svært godt landsmøte, seier Sanner.

Minst lojale i Venstre

Bakgrunnstala viser at Frp har høgast veljarlojalitet. 79 prosent av dei som røysta Frp ved siste stortingsval ville gjort det i dag igjen. Frp har også størst potensial mellom dei veljarane som ikkje røysta ved siste stortingsval, ifølgje målinga.

Minst lojalitet er det mellom Venstre-veljarane. Berre 43 prosent av dei som røysta Venstre i 2005 ville gjort det i dag. Men Venstre har eit forholdsvis stort potensial mellom dei veljarane som ikkje røysta sist syner målinga.

GLAD: Vi har hatt hyggelege målingar i det siste, konstaterar Sp-leiar Åslaug Haga.
Jarl Fr. Erichsen
PÅ STADEN KVIL: «Erna-effekten» uteblir, ifølgje BTs partibarometer for mai.
Holm, Morten