15 tonn boss er så langt fjerna frå badeplassane. Det er dobbelt så mykje som ein normal vinter, opplyser driftsleiar i Bergen og omland friluftsråd, Oddmund Dingen til NRK Hordaland.

Han har aldri opplevd så ille tilstandar. — I år har det vore spesielt grunna stormen «Inga». Den har henta boss langt oppe på land og frakta det til mellom anna friområda.

No brukar friluftråda så mykje tid og ressursar på denne oppryddinga at dei ikkje får gjort anna vedlikehaldsarbeid.