Hadde du planlagt å reisa med rutefly frå Stord i veke 28, 29 eller 30 i sommar, må du finna deg andre reisemåtar.— Det blir ingen flygingar frå Stord lufthavn desse tre vekene, stadfestar lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.Golden Air er einaste flyselskap som for tida nyttar flyplassen på Stord til ordinær rutetrafikk, med sine flyruter til Gardemoen, der ei rute i veka går via Kristiansand. - Erfaringa frå dei par siste somrane er lite trafikk og tapsbringande aktivitet. Difor vel me i år i samråd med flyselskapet å stengja flyplassen heilt i tre veker, slik at tilsette kan ta fellesferie. Så opnar me på ny frisk 30. juli, då me også kan ta i bruk det nye terminalbygget vårt, seier Myklebust.Terminalbygget som er under oppføring på Sørstokken vil kosta i underkant av 11 millionar kroner, og vil betra forholda betrakteleg både for reisande og for dei tilsette.- I første halvår har vel 10.000 passasjerar nytta flyplassen på Stord, noko som gjer at eg har god tru på at me når målet om 20.000 reisande i løpet av året. Til hausten tar aktiviteten seg kraftig opp ved Aker-verksemdene etter ein laber periode, det plar hjelpa godt på, seier Jan Morten Myklebust.I samband med opninga av det nye terminalbygget blir det også laga ein markedsføringskampanje for å få fleire til å nytta den lokale flyplassen. Men i sommar blir det feriestengt og reisande blir henvist til næraste flyplassar; Flesland eller Haugesund lufthavn, Karmøy.