— Men dei er ikkje farlege, seier Ruth-Anne Sandaa, postdoc ved Institutt for biologi ved Universitetet i Bergen.

Virus er den mest talrike livsforma som finst, og skal vi tru Sandaa skal vi vere svært glade for at desse organismane også lever i sjøen.

— I sjøvatn drep desse virusa 40 prosent av alle bakteriar som finst i havet kvar dag. Dette gjer at næringsstoff blir frigjorde slik at nye bakteriar kan vekse opp igjen. Slik blir desse virusa ei av dei viktigaste byggeklossane i næringskjeda i havet, seier Sandaa.

Internasjonal oppsikt

Det var mikrobiologane Gunnar Bratbak, Mikal Heldal og Frede Tingstad ved UiB, som vekte internasjonal oppsikt då dei fann ut at virus speler ei nøkkelrolle i havets økosystem. Trass i at forskinga om dette berre er dryge ti år gamal, veit ein nok til å slå fast at virusfloraen i sjøen ikkje er farleg for menneske, fordi dette er mikroorganismar som naturleg høyrer heime i sjøen. Heller ikkje sjøbad i andre, meir eksotiske land kan skade badenymfer, meiner Sandaa.

— Det er ikkje så stor forskjell på desse mikroorganismane i sjøen frå land til land, seier ho.

— Virus i sjøen blir først farleg i samband med store utslepp av til dømes kloakk, som inneheld virus og bakteriar som ikkje naturleg høyrer heime i sjøen, seier Sandaa.

Norsk viruspatent

Førre månad var 230 internasjonale ekspertar samla til konferanse i Bergen for å utveksle kunnskap om giftige cyanobakteriar, også kalla blågrøn alge. Her blei det mellom anna diskutert korleis ein kan ta lærdom av naturen og bruke virus positivt til å motkjempe desse algane.

— Algane ber i seg virus som ikkje er aktive. Vi har utvikla ein patent for korleis vi ved hjelp av UV-stråler kan stresse desse virusa til å bli aktive - og såleis drepe algane, seier professor i mikrobiologi Gunnar Bratbak ved UiB.

Opphopingar av cyanobakteriar skjer i ferskvatn over heile verda og gir misfarga og grumsete vatn. Fleire stader har bakterien ført til massedaud av fisk, tap av buskap og dødelege forgiftingar hos menneske gjennom drikkevatn. Problema med den giftige bakterien er derimot svært små i Norge samanlikna med andre, sørlege land med høgare temperaturar enn her.

SKADER IKKJE: Eit sjøbad er ikkje farleg, sjølv om vatnet kryr av mikroorganismar. Og mikroorganismene dette paret på biletet vassar i - i Sharm El Sheik - er omtrent dei same som dei vi badar i her heime. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ