Det var på ettervinteren det byrja, med ei novellekonkurranse for sunnhordlendingar. I Sunnhordland! Det er noko uvisst kor mange som melde seg på, men det er snakk om store tal. No er dei tretten beste kåra, av ein jury samansett av Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad, Ingelin Røssland og Stig Elvis Furset.

— Vi må vel medgje at vi definerer Sunnhordland nokså vidt, der både Austevoll, Odda og Kvam og Jondal er med, men når vi brukar namnet sunnhordlandsdeltaet er vi på sikker grunn, seier presseansvarleg Jone Malmin til Bergens Tidende. Han synest samanlikninga mellom sunnhordlandsdiktarar og røsslyng er treffane, for begge spreier seg med stor fart.

Dei tretten debutantane som skal med i antologien er Anette G. Sundsbak, Jonn Karl Sætre, Lasse Tuastad, Ingvild Aasheim Mykland, Birgitte Hokkerup, Per Idar Almaas, Jane Jünger, Lilly Sjo, Cecilia Bjørge, Hege Myklebust, Svein Tuastad, Geir Olav Jørgensen og Lars Seljestad. I tillegg skal femten etablerte sunnhordlandsforfattarar - det er nok å ta av - vera med og gje tyngd til antologien. Boka blir illustrert av kunstnarar frå alle dei tolv kommunane som er representerte i antologien.

Kva skjer? Det blir stort bokslepp og punktmarkering på Stord laurdag 20. november, men med visse atterhald. For namnet på vinnaren i novellekonkurransen blir først offentleggjort - i Parkteatret i Oslo - laurdag 27. november.