VIDAR YSTAD

Så seint som 21. desember sat alle etatssjefane i møte med Forsvarssjefen og forsikra at budsjetta ville «gå i null». Det vil seie at det ikkje var overforbruk, opplyser sjefen for Forsvarsstaben, generalløytnant Svein Ivar Hansen, til Bergens Tidende.

Kan bli verre

Tre veker seinare, 12. januar kjem det for dagen at realiteten er ein heilt annan: Det er eit netto meirforbruk på 650 millionar, eit etterslep for 2003 på 220 millionar og ein inntektssvikt på 80 millionar kroner.

— Dette har ein verknad for kontantrekneskapen til Forsvaret for 2004 på 950 millionar kroner. Men tala er førebels og ikkje kvalitetssikra, kunngjorde forsvarssjef Sigurd Frisvold i går.

Han ville ikkje svare på om det er utsikter til at tala kan bli lågare eller om det tvert om er fare for at sprekken blir endå større. Overskridingane er om lag likeleg fordelt mellom Hærstaben og FLO (forsvarets logistikkorganisasjon).

— Tala kom bardus på meg. Dette er høgst utilfredsstillande, og eg tek ansvaret, kunngjorde Frisvold på ein pressekonferanse i går.

Får sparken

Frisvold vurderte, ifølgje forklaringa si, situasjonen som så alvorleg at han omgåande orienterte statsråd Kristin Krohn Devold samstundes som han stilte plassen sin til disposisjon. Det skjedde 13. januar.

— Samstundes vil det få personellmessige konsekvensar for sjefen for Hærstaben og sjefen for FLO. Dei vil bli stilt til disposisjon, kunngjorde Frisvold i går.

På folkeleg norsk inneber det at dei får sparken frå sjefsjobbane sine: generalmajor Lars Johan Sølvberg i Hærstaben og Erik Hernes i FLO. Hernes er tidlegare offiser men nå sivilt tilsett ettersom han har passert aldersgrensa for offiserar på 60.

Forsvarsministeren har kunngjort at ho ønskjer at Frisvold skal halde fram. Han skal mellom anna avgje årsrapport for Forsvaret 15. februar. Han skulle i alle fall gå av 1. april. Samstundes aksepterer ho at forsvarssjefen vil sparke Sølvberg og Hernes.

Alt som kan krype og gå av rekneskapskunnige folk i systemet har arbeidd så å seie døgnet rundt den siste tida for å få dei endelege tala på plass, før 2004-rekneskapen skal leverast til Finansdepartementet, fredag 21. januar.

Med seg har Forsvaret og Forsvarsdepartementet at Riksrevisjonen i fjor haust, for første gong i historia, ikkje kunne godkjenne 2003-rekneskapen for Forsvaret. Reaksjonane på det var sterke i Stortinget. Saka ligg til behandling i Kontrollkomiteen.

Mangla oversikt

Forsvarssjefen har førebels ikkje noko klart svar på kvifor økonomistyringa har vore så dårleg.

Det forenkla svaret er at ein ikkje har hatt tilstrekkeleg oversyn over kostnadsnivået for det aktivitetsnivået ein har halde.

Ein har til dømes ikkje oversyn over om bemanningskuttet som er gjennomførd har råka funksjonar som har svekka økonomistyringa. Det påstår offisersorganisasjonane, Befalets Fellesorganisasjon og Norges Offisersforbund.

Ifølgje Frisvold vil Forsvaret nå freiste å dekke inn meirforbruket i 2004 gjennom kostnadskutt i 2005. Korleis det skal skje, er det ifølgje Frisvold for tidleg å seie i detalj.

Redusert aktivitet

— Men det er heilt klart at dette vil måtte gå ut over aktivitetsnivået, slår han fast.

I fjor valde Forsvaret å legge store delar av marinefartøya til kai for å spare inn eit mykje mindre overforbruk. Reaksjonane på det var sterke då.

Nå seier han at grensevakt og kystvakt skal oppretthaldast som normalt sjølv om kutta må bli smertefulle.