— Som å helle bensin på bålet, seier leiar Morten Øye i LO Stat.

Erna Solberg innleia med eit angrep då ho i går møtte statstilsette LO-utsendingar på Gol. Ho meiner fagrørsla brukar vikarierande argument når dei kjempar mot regjeringas forsøk på å effektivisere offentleg sektor.

— Eg er ikkje alltid samd med det LO Stat meiner, og tykkjer ikkje dei alltid er like ryddig med kva motiva er. De snakkar om samfunnsansvar når de eigentleg brukar pasientar og andre til å fremje eigne interesser. De må vere ærlege - det kan vere ei motsetning her til samfunnets interesser,sa Solberg, før ho gjekk over til å forsvare regjeringas arbeid for å omstille offentleg sektor.

Frontane skjerpast

Ikkje uventa provoserte utspelet kraftig.

— Når ho seier at vi fer med falske motiv, er eg ganske sjokkert, seier leiar Morten Øye i LO Stat, som organiserer godt over 100.000 i staten og dei fristilte statsbedriftene.

Øye legg ikkje skjul på at Solberg med dette på nytt forverrar samarbeidsklimaet mellom regjeringa og fagrørsla.

— Dette er berre å helle bensin på bålet. Det gjer det enno vanskelegare å delta i det inntektspolitiske samarbeidet, seier Øye.

Han svarar Solberg med å vise til at fagrørsla har vore aktivt og konstruktivt med i omstillingar i både posten, telesektoren og ulike etatar. Han meiner difor dei har vist at dei tek samfunnsansvar.

Lærar og sjukepleiarar

Då Solberg prata med pressa etter innlegget, modifiserte ho kritikken av LO noko, med å viste til at det er fagorganisasjonar utanfor LO som er verst til å drive denne forma for profesjonskamp.

Solberg viste spesielt til sjukepleiarar og lærarar, som båe er organisert i Utdanningsgruppens Hovedorganisasjon (UHO). UHO-leiar Anders Folkestad sat i salen og var ikkje glad for Solbergs angrep.

— Det er dryg kost, seier Folkestad, som leiar ein organisasjon med 230.000 medlemmer.

Sjølv om han vedgår at det kan vere noko i skuldingane, meiner han årsaka til framgangsmåten er at lærarar og sjukepleiarar ser seg sjølv som advokatar for dei gruppene dei arbeider med til dagleg.

Lokale forhandlingar

Solberg brukte lærarane som døme når ho óg kritiserte fagrørslas motstand mot å flytte lønsdanninga frå sentrale til lokale forhandlingar. Dette trass i at dette er ei av kampsakene til dei offentleg organiserte i LO.

Folkestad meiner Solberg her tek feil, og viser til at det har vore dei lokale tillitsvalde som har vore mest mot å desentralisere lønsforhandlingane.