— I fjor fekk eg berre ein pikhydning, ein eittåring. Eg må gjera det betre i år, seier Trond Bjørke til Bergens Tidende.

32-åringen viser oss skytestillinga si på terrengbilen som er blitt eit viktig hjelpemiddel for han etter hanggliderulukka 2. juni 1992.

Styrten gjorde Bjørke lam frå brystet og ned, men tok ikkje initiativ og livsglede frå han. Etter ulukka har Trond Bjørke kjempa seg tilbake til både jobben og hobbyen. 32-åringen bur i dag saman med kona Solveig og sønene Kjartan (4) og Ian (1) på Bjørke oppunder Skålafjellet i Rosendal. Her skjedde hanggliderulukka, og her jaktar Trond og dei 11 andre medlemmene av Skåla jaktlag.

Vrimlar av hjort

Om nettene vrimlar det av hjort på bøen rundt husa. Håpet om at Skåla jaktlag skal fella kvoten på 11 dyr er stort også i år.

— Då eg var med på jakt som læregut og jagar første gong i 1983, hadde jaktlaget fem fellingsløyve, dei seinare åra har talet vore dobbelt så stort. Men enno er det for mykje dyr, snittvekta har gått ned dei siste åra, seier Trond Bjørke.

— Her, ser du, seier Bjørke og løftar seg over frå rullestolen til «Terrengen», ein liten norskprodusert terrengbil med firhjulsdrift. - Med denne kjem eg fram i dei brattaste lier. Dei andre på laget går og skræmer opp dyr, eg stasjonerer meg på post for å skyta.

Svigerfarens snart 60 år gamle Mauser er jaktvåpen. Trond Bjørke demonstrerer korleis han brukar det, og syner at han har ein noko avgrensa aksjonsradius grunna handikappet.

— Det er jo uheldig om eg skulle skadeskyta dyr. Derfor løyser eg ikkje skot før eg er heilt sikker på å treffa, seier han.

I år er det fjerde jaktsesongen for Trond Bjørke etter ulukka. Første gongen blei det ingen dyr, andre året skaut han to koller og ein kalv. Brutalt møte med bakken

Det var midt over jaktterenget han i 1992 tapte høgde med hangglidaren og greidde ikkje å gjennomføra ei kontrollert landing. Faren Per Ragnar var vitne til Tronds brutale møte med bakken. Ein virvel i ryggsøyla knakk, og 23-åringen blei sendt til Haukeland sykehus.

Trond Bjørke har heile tida hatt full styrke i overkroppen. Gjennom systematisk opptrening kom den tidlegare nordsjøarbeidaren i jobb att for arbeidsgjevaren sin alt etter ni månader.

— Schlumberger skal ha all ære for at dei har vore fleksible overfor meg, seier Bjørke, som no er vedlikehaldsteknikar i halv stilling for det multinasjonale selskapet, med heimeverkstad og nokre dagar i veka i arbeid i Bergen.

32-åringen køyrer også bil og gravemaskin. For tida er han og familien i ferd med å flytta inn i eit stort påbygg på huset nær heimegarden på Bjørke.

Sosial jakt, god mat

— Å jakta er veldig sosialt. Eg er svært glad for at jaktlaget tok meg med att. Og så får eg jo tid til å tenkja mykje når eg sit på post med kakao på termosen og ventar på dyr, seier humørfylte Bjørke.

Kjøtet frå dei felte dyra blir prima mat for jegerane og familiane gjennom heile vinteren og våren. Trond Bjørke eksperimenterer sjølv ein del med hjortekjøt.

— Pinnekjøt av hjort, for eksempel, er fortreffeleg. Det hadde vi saman med pinnekjøt av sau på julafta i fjor. Fenalår av hjort er også godt, og nesten heilt feittfritt. I haust vil eg prøva å laga pølse av blandinga hjortekjøt og sauekjøt, fortel Trond Bjørke.