TERJE ULVEDAL

— Eg er vel ein person som likar utfordringar, svarar den nytilsette direktøren på spørsmålet om kvifor han tek ein jobb mange vil karakterisere som ein uriaspost. Bolstad tek over etter Leif Kapstad som på eige initiativ sa opp stillinga si og slutta på dagen i februar.

— Eg er klar over at eg går inn i eit spenningsfelt, og ei stilling med mykje krysspress. Eg har ikkje inngåande kjennskap til Helse Førde, men ser at føretaket står overfor vesentlege utfordringar. Ikkje minst økonomisk.

Ta til i august

Bolstad er no rådmann i Rælingen kommune i Akershus, men vaks opp i Skjolden i Luster. Den nye toppleiaren i helseføretaket i Sogn og Fjordane er 37 år gammal. Han er gift og har eitt barn.

Bolstad reknar med å ta til i stillinga i august. Han karakteriserer seg sjølv som ein person som krev mykje både av seg sjølv og medarbeidarane.