Akkurat for tre år sidan var hafslobygdingen Sviggum optimist, og sa på ein pressekonferanse ved flyplassen i Sogndal at el-bilen hadde ei framtid i Ford.

Like etter opna Kong Harald og Fords mektige sjef Jacques Nasser Think-fabrikken på Aurskog. Ford har brukt ein milliard på bilen, men selt kun 1000 Think-bilar.

-El-bilen er for dyr og har for kort rekkevidde til at folk vil kjøpe den seier Sviggum i dag.

Ordførar Karin Gulbrandsen i Aurskog fryktar stygge ringverknader for kommunen etter Fords sorti frå Norge.