Når det nærmar seg fødselstermin, snur vanlegvis fosteret seg inni magen og vender hovudet nedover. Men ikkje alltid. Tre prosent av babyane blir liggande i seteleie.

Avhengig av faktorar som fødselsvekt, mors tidlegare fødslar og bekkenmål kjem desse barna til verda antan ved vaginal fødsel eller keisarsnitt.

Men inntil 25 prosent av alle kvinner som tar keisarsnitt får komplikasjonar etterpå — frå banale infeksjonar til blodforgiftning. Eit alternativ kan derfor vere ytre vending av fosteret, som rett og slett inneber å snu barnet i magen frå seteleie til hovudleie ved hjelp av nokre handgrep.

— Å tilby vendingsforsøk istadenfor keisarsnitt kan vere til fordel for mor, og spare henne for komplikasjonar, seier overlege Susanne Albrechtsen ved Kvinneklinikken i Bergen til BT.

Albrechtsen har tatt doktorgraden på setefødslar, og i siste nummer av legetidsskriftet publiserer ho ein gjennomgang av 502 medisinske artiklar om seteleie. Av desse omtalar 110 artiklar ytre vending. Kor vellukka dette har vore, varierer frå 27 til 97 prosent.

— Her i landet blir ytre vending utført sporadisk og usystematisk, og vi har ikkje tal på kor ofte dette skjer på landsbasis. Årsaken er at vi i Norge har gode erfaringar med setefødslar. Særleg i Bergen er kompetansen høg, seier Albrechtsen til BT.

Sjølv om ytre vending kan vere bra for mor, veit forskarane lite om konsekvensane for babyen.

— Barn i seteleie har generelt høgare mortalitet enn barn i hovudleie. Vi fjernar ikkje denne risikoen ved å vende barnet, seier Albrechtsen til BT.