Bølgene etter den store strandsoneaksjonen mot ulovleg bygging i Fitjar for fire år sidan har enno ikkje lagt seg. Ordførar Wenche Tislevoll (H) vil ha ein kommune som er mildare stemt overfor hytteeigarane.

— Aksjonen i 2008 var pålagt kommunen, og skulle aldri blitt gjennomført. Det er framleis sterke kjensler i sving etter det som skjedde, seier ordføraren frå Høgre, som overtok den fremste politiske posisjonen i Fitjar etter eit godt val i fjor.

Kystvakten var med

I håp om ein allmennpreventiv effekt tok politiet initiativ til ein hemmeleg aksjon 14. og 15.april 2008 mot ulovlege byggetiltak strandsona i Fitjar, og rykte ut med ein stor delegasjon frå Kystvakten, Fylkesmannen i Hordaland og Fitjar kommune. Bergens Tidende var varsla og refererte aksjonen i tekst og foto.

Etterpå melde Fitjar kommune dei fire mest alvorlege av i alt 20 ikkje-godkjende byggetiltak til politiet. Sakene enda med rettslege dommar og bøter frå 35.000 til 220.000 kroner, inndraging på opptil 300.000 kroner, og krav om tilbakeføring av tiltak. På Teistholmen blei Ove K. Helland i 2009 døm til å riva den såkalla kamuflasjehytta, som står enno.

— Heilt feil

— Med dei store ressursane som blei brukt i aksjonen – og utplukking av ei handfull saker for rettsleg forfølging – så blei dette heilt feil. Ikkje trur eg at aksjonen har hatt nokon særleg effekt, heller. Fitjar skulle her vera ein føregongskommune, men vi ønskjer ikkje å vera ein føregangskommune på denne måten.

— Folk skal ikkje kunna ta seg til rette i øyane, dei må halda seg til lover og reglar. Men aksjonen vi såg i 2008 er ikkje rette metoden for å få det til, seier Tislevoll.

— Er det eit mildare regime vi no ser i Fitjar med omsyn til tiltak i strandsona?

— Eg føler vel at det er tilfellet etter at vi kom til makta. Vi ønskjer å stå fram som ein ja-kommune, seier ordførar Wenche Tislevoll.

Dokument borte

Ordføraren beklagar at rapporten etter ei strandsonesynfaring i Fitjar i 1984 ikkje er å finna i kommunen sitt arkiv. Den kunne kasta eit avgjerande lys over rivingssaka til Ove K. Helland på Teistholmen.

— Vi har verkeleg brukt store ressursar på å leita etter dokumentet, seier Wenche Tislevoll.

Fitjar kommune er med i arbeidet som Samarbeidsrådet for Sunnhordland er i gang med for ein felles interkommunal plan for strandsona i Sunnhordland. Forprosjektet føreset ei differensiert strandsoneforvaltning i regionen. Det inneber at byggeløyve blir meir tilpassa lokale forhold, godkjent av kommunestyra. Blant anna kan det bli tale om meir lempelege vilkår for omdisponering av naust, og for bygging av bryggjer i naustområda.

HYTTA STÅR: Hytta på Teistholmen, avdekt av den store strandsoneaksjonen i 2008, er ved dom i 2009 erklært ulovleg oppført og kravd riven. Hytta blir ståande på ubestemt tid som følgje av hol i Fitjar kommune sitt arkiv. ARKIVFOTO: Odd E. Nerbø