EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noDosent Bengt Sandblad ved prestisjetunge Uppsala Universitet har saman med to andre forskarar gjennomført ei stor undersøking av kva som foregår på brua på snøggbåtar verda over. Konklusjonane er knusande: * Instrument er tilfeldig og lite hensiktsmessig plasserte.* Instrument er ofte vanskelege å bruke, spesielt i stressa og kritiske situasjonar. * Ulike instrument er dårleg integrert med kvarandre.* Designen på enkelte hjelpemiddel er dårleg, med dels manglande, dels unødige funksjonar.* Kraftig støy på brua er av og til svært forstyrrande, slik at viktige lydar kan bli ignorert.* Alle båtar er forskjellige, ingen felles standard for utforming av arbeidsmiljøet. Studiar av videoopptak Konklusjonane er dratt etter feltstudiar om bord på snøggbåtar i Sverige, Noreg, Hongkong og Singapore, og forskarane har både studert videoopptak frå båtar i drift og intervjua kapteinar og styrmenn.Forskarane meiner utforminga av førarmiljøet på moderne snøggbåtar på ingen måte tek nok hensyn til at farten er mykje høgare enn på vanlege båtar, og at konsekvensen av ei grunnstøyting difor er langt meir dramatisk.— Eitt eksempel er styrestikkene, som er utforma slik at dei kan fungere på fleire ulike måtar, alt etter innstillingane som er valde. Dermed oppstår faren for at feil innstilling blir brukt. Før eller seinare vil dette skje, uansett kor flinke navigatørane er. Og faren er størst i stressa situasjonar, seier doktorand Eva Olsson, ei av dei som har gjennomført prosjektet. Ikkje oppdatert Dei svenske forskarane er sterkt kritiske til å skulde på "den menneskeleg faktoren" når noko går gale, og brukar "Sleipner"-katastrofen som eit eksempel. - Der såg vi at navigatørane hadde problem med radaren, og at begge to var opptatt med å få han rett innstilt. Dermed vart merksemda tatt bort frå det som var viktigast, nemleg å halde utkikk. Slik skal det ikkje vere, seier doktorand Olsson.Både sikkerheitskulturen i reiarlaga og den tekniske utforminga av båtane har vore forsømt, konkluderer forskarane."Vi påstår att sjöfartsnäringen är långt långtifrån uppdaterad på de säkerhetsaspekter som den i våra farvatten relativt nya höghastighetstrafiken innebär," skriv dei, og held fram: "Förr eller senare kommer passagerare att få sätta livet till på grund av en bristande säkerhetskultur och/eller dåligt anpassad teknik, vilket ju faktiskt redan skett. Att då skylla på den mänskliga faktorn är lika illa som att skjuta budbäraren som kommer med dåliga nyheter". Forskar vidare Dosent Bengt Sandblad arbeider ved Institutt for informasjonsteknologi ved Universitetet i Uppsala, og har tidlegare blant anna arbeidd med utvikling av simulatorsystem for togstyring. Resultata som no blir lagt fram er resultatet av to års arbeid. Neste fase i forskingsprosjektet blir å teste ut ulike typer design for snøggbåt-bruer, og vurdere kva som fungerer best.