KJERSTI MJØR

Både Ullevål og Haukeland Universitetssjukehus har søkt om å få tilby to blodprøver som tidleg i svangerskapet kan vurdere risikoen for misdanningar eller kromosomavvik hos barnet.

Bioteknologinemnda går inn for søknaden. Fordi dette er den viktigaste høyringsinstansen, reknar Haukeland no med å få positivt svar frå departementet.

— Når avgjerda er tatt, er vi klare til å sette i gang på kort varsel. Kanskje kjem vi i gang før påske, seier avdelingsoverlege Lars Fr. Engebregtsen ved Senter for medisinsk genetikk og molekylær medisin.

Færre abortar

Avdelingsdirektør Hans Petter Aarseth i Sosial- og Helsedirektoratet reknar med at Haukeland Universitetssjukehus raskt kan få svar på søknaden.

— Når vi har mottatt den skriftlege grunngjevinga frå Bioteknologinemnda, treng vi eit par veker. Svaret kan vere klart alt i månadsskiftet januar/februar, seier Aarseth til BT.

Målet med blodprøvane er ikkje å finne fleire fostre med avvik, men å redusere risikoen for spontanabortar i samband med fostervassprøver, som alle gravide over 38 år får tilbod om i dag. For kvart andre oppdaga tilfelle av alvorlege kromosomfeil skjer nemleg ein utilsikta abort.

— Dette er ikkje tilfredsstillande. Vi har fleire eksempel på at dette er kvinner som har jobba lenge med å bli gravide, og det er kanskje den einaste sjansen dei har, fortel Engebregtsen til BT.

Innføring av blodprøver vil redusere talet på utilsikta abortar av friske foster med femten til tjue tilfelle i året på landsbasis.

Fostervassprøve til fåtal

Risikoen for fosteravvik kan i framtida altså bli vurdert ut frå blodprøver, ultralyd og alder. Men blodprøve er ikkje like sikkert, og nokre få vil derfor framleis få tilbod om fostervassprøver.

— Det er berre i dei tilfella blodprøver og ultralyd gir høg risiko for avvik. Men over tre fjerdedeler kjem ikkje til å ha behov for fostervassprøve.

På Haukeland tek kring 250 gravide ei slik prøve kvart år. Dersom sjukehuset får klarsignal om å innføre blodprøver, kjem talet på fostervassprøver til å bli redusert til kring 70-80 i året.

Cirka elleve veker ut i svangerskapet kan altså gravide i Bergen snart få tilbod om blodprøver, dersom dei er over 38 år eller har familiær risiko for alvorlege misdanningar. Prøvene blir så sende til Danmark for analyse, og svaret kjem i løpet av ei veke. Haukeland planlegg å utføre desse testane sjølv med tida.