GERDFINN EITHUN

gerdfinn.eithun@bergens-tidende.no

Det kan på sikt gi 30-40 nye arbeidsplassar. Ordførar Kjartan Longva er tilbakehalden med detaljane om nyetableringa i Høyanger, men vonar at planane om ny aktivitet i slug-lokala skal gå i lås. Det er snakk om eit selskap som arbeider i den internasjonale kosmetikk-marknaden, stadfestar ordførar Longva til Bergens Tidende. På eit orienteringsmøte om næringspolitikk for kommunestyret i Høyanger onsdag brukte Longva denne potensielle nyetableringa som døme på at det kan gå rette vegen for industrikommunen. Skulle vi få i boks den nye verksemda, kan det bli 30-40 nye arbeidsplassar. Og dersom alt som no er på gang lukkast, kan det verte opptil 150 nye arbeidsplassar i Høyanger. Det byggjer på at Fundo utviklar seg positivt i næraste åra framover. Fundo er til sals, det i seg sjølv skaper ein viss grad av uvisse. Men situasjonen Høyanger er oppe i no illustrerer kor kort veg det frå suksess til fiasko. Dersom alt går skeis, kan vi kome ut med minus 200 arbeidsplassar. — Hydro må kome i gang med modernisering av fabrikken i nær framtid. I år 2005 kjem det nye miljøkrav som den noverande fabrikken ikkje har sjanse til å oppfylle.