Advokat og lovbrukar Hilde Magnusson Lydvo (35) blir lovmakar etter stort ingsvalet og får Oslo som viktigaste arbeidsplass. Ektemannen Knut Lydvo er sjef i heimen, i Villa Helgheim (tidlegare Voss Pensjonat) i Ringheimsvegen. Han er husvert for tre skuleelevar (ein hybel ledig) og har tre born i kosten: Kaia (8), Håkon (5) og vesle Henrik på seks månader.

Arbeider heime
- Knut har vore «sjef i heimen» i sju år, heilt sidan Kaia var eitt år gamal. Han likar ikkje nemninga heimeverande, men trivst godt med heimearbeidande, og husfar. Han er fagutdanna kokk, og kvir seg ikkje for å laga middag, seier den nyvalde stortingsrepresentanten til Bergens Tidende.

Hilde Magnusson Lydvo har registrert at mange er uroa over at ho let Knut styra i heimen åleine, med såpass små born. Dette har ho ikkje heilt sansen for.

- Eigentleg er Knut heldig som har ei kone som kan forsyta familien, medan han sjølv gjer det han helst vil, seier ho.

- Skal han driva pensjonat også?

- Ikkje overnatting. Det har vi slutta med for lengst. Aktiviteten her på Villa Helgheim avgrensar seg til 2-3 selskap i månaden, sånn i gjennomsnitt for året. Lokala høver godt for opp til 40 gjester.

Jens «første» gjest
- Synd at Arbeidarpartiet si gruppe vaks til rundt 60 då, elles kunne du ha invitert alle heim?

- Ja, men det kan eg likevel. Satsar vi på ståande buffet eller opnar døra inn til «privaten» så får vi plass til 60. Det hadde vore skøy å samlast her, til dømes under Ekstremsportveka. Då skal Karita Bekkemellom hoppa tandem. Det lovde ho i sommar, og ho kan ikkje berre feiga ut!

Sist Jens Stoltenberg var på Vossa Jazz, var han gjest under ei partisamling i Villa Helgheim. Han figurerar på første side i gjesteboka.

- Litt juks, vedgår Hilde glatt. Vi gøymde unna gjesteboka for dei aller første gjestene etter at vi overtok her, slik at ho var blank då Jens kom.

Takkebrevet frå statsministeren er kome i glas og ramme på veggen, attmed eit bilete av Jens og Knut.

«Eg er vossing»
- Advokat Magnusson her på Voss var bestefaren din, men du snakkar ikkje akkurat vossamål?

- Det har samanheng med at faren min var militær og vart beordra til Nord-Noreg og Austlandet før han fekk beordring hit til heimbygda. Som småjente budde eg i militære bustadfelt. Der vart det snakka militært bokmål, i liten grad påverka av lokale dialektar.

- Føler du at du vert godteken som vossing?

- Så avgjort. Og det er eg svært glad for. Eg har mange gode vener frå skulen, fotballklubben, politikken, og mange andre miljø som fullt ut aksepterer at eg snakkar litt annleis.

Hilde har 71 A-lagskampar bak seg for Fotballklubben Voss, men her er ho dugeleg akterutsigla av ektemannen. Knut var blant dei desiderte veteranane på A-laget. Han kan skilta med heile 333 kampar - og «nominasjon» til landslagsplass av spøkjefuglen Arne Hjeltnes.

Alt for Hordaland
- Får juristen Hilde Magnusson Lydvo plass i justiskomiteen på Stortinget?

- Det er faktisk ikkje mitt førsteval. I den grad ein fersking får velja, vil eg helst i sosialkomiteen og arbeida for lokalsjukehusa, psykiatrien og rusmisbrukarar, for å nemnda nokre av utfordringane.

- Er det ikkje lett å gløyma heimkommunen når ein kjem så høgt på strå?

- Eg er merksam på faren, men eg trur eg skal hugsa på både Voss og resten av fylket. Når vi no blir fire frå Hordaland i gruppa, bør ein av oss ha eit særleg ansvar for kontakten med heimfylket. Her er utfordringar i industrien, jordbruket og i næringsutvikling. Vi må skapa noko for å dela noko. Nettopp fordi eg har små born heime, har eg von om at eg kan ta den første økta i denne rolla.

- Litt oppsyn med heimen og babyen vil du altså ha likevel?

- Klart det! Eg seier ikkje at opplegget vårt er problemfritt. Det er mange utfordringar. Men skulle vi overfokusera på dei, kjem vi ikkje av flekken.

Men no kjem ho altså til Løvebakken, og kan få bruk for nokre av selskapskjolane ho - ifylje Ap sine nettsider - samlar på. Pluss bunad.