JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no 2, 8 milliardar kroner til Hordaland over 10 år var talet som kom fram då regjeringa kom med sitt framlegg til Nasjonal Transportplan i slutten av september.Etter den tid har dei fire vestlandsfylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal lagt fram Vestlandspakken, som inneheld samferdsleprosjekt for tilsaman over 60 milliardar. Men etter det Bergens Tidende skjønar, vert regjeringa sitt framlegg ståande bortimot uendra når samferdslekomitien på Stortinget legg fram si innstilling utpå dagen i morgon. Både bybane og Ringveg vest Men for Bergen sin del er det interessant at Nasjonal Transportplan venteleg vil leggja føringar for Bergensprogrammet, og då særleg med omtale av bybana og Ringveg vest. Så langt har Ringveg vest hatt eit forsprang på bybana, med 500 millionar kroner til oppstart.— Dette er uheldig. Vi vil arbeida for at bybana må koma før Ringveg vest. Bybana er etter vår meining eit prosjekt som eignar seg godt til offentleg/privat samarbeid, og slite OPS-prosjekt vil vi gjerne få fleire av i Nasjonal Transportplan, seier Venstres representant i samferdslekomitien, May Britt Vihovde, til Bergens Tidende. Von for Jondalstunnelen Eit spørsmål det knyter seg særleg stor spaning til i Hordaland, er lagnaden til Jondalstunnelen i Nasjonal Transportplan. Jondalstunnelen er eit fylkesveganlegg, men heretter må fylkesvegplanane stilla i same køen som riksvegplanane. Dermed kjem Jondalstunnelen langt uti. Men i samferdslekomiteen skal det no vera arbeid på gang for å få til ei overgangsordning for tre-fire større fylkesveganlegg, slik at desse kan prioriterast særskilt, og Jondalstunnelen skal vera eitt av desse.