På Nesbyen i Hallingdal sit dagleg leiar Arvid Syversen og hans medarbeidarar i Tubfrim og tek imot brukte frimerke med opnare armar enn på lenge. Tuberkulosen er på frammarsj att i Noreg, og frimerkebruken er hardt pressa av e-post, telefaks og frankeringsmaskinar.

Nesbyen er mest kjent for varmerekordane sine om sommaren, og Tubfrim. Tuberkulosens Frimerkeforretning blei grunnlagt av Nesbyens postmeister Ditlef Frantzen i 1928.

Sosial postmeister

Postmeister Frantzen var sosialt engasjert og ønskte å gjera nytte av alle frimerka han såg gå ut og inn av postsystemet og deretter i søppelet.

Han bestemte seg for å samla inn og omsetja brukte frimerke til inntekt for tuberkulosearbeidet blant handikappa norske born.

I 1943 gav han frimerkeforretninga si til Nasjonalforeningen for Folkehelsen, som også i dag eig Tubfrim.

— Framleis er det slik at mesteparten – rundt 80 prosent - av frimerka hamnar i folk og bedrifter sitt søppel. Vi greier å ta inn rundt ti prosent, like mykje går direkte til samlarar, forklarar Arvid Syversen, som i 20 år har vore leiar for Tubfrim og dei tre årsverka på Nesbyen.

Til hovudkontoret kjem det brukte frimerke frå privatpersonar, bedrifter og frå institusjonar som klipper merke i regi av Nasjonalforeningen landet rundt. Faste leveransar kjem óg frå Sons of Norway i USA.

På Nesbyen blir frimerka grovsorterte og selde til samlarar eller frimerkeforretningar.

12 mill. kroner

Sidan 1928 har Tubfrim hatt om lag tolv millionar kroner i overskot som har gått til ulike tiltak for sjuke born; leirar, stemne, ridderrenn og andre sportsaktivitetar.

— Vi greier no å skaffa om lag ein halv million kroner i året. Det er ikkje så mykje pengar når vi får over hundre søknader kvart år. Men når alternativet for frimerka er søppel, er vel ikkje resultatet så verst. Og vår løyving kan vera eit vera eller ikkje vera for fleire barnetiltak, seier Arvid Syversen. Som rapporterer at mengda av innkomne frimerke gradvis går ned år for år.

— Mange trur vi har avgått ved døden. Men vi treng frimerke og telefonkort. For kvar nordmann får vi fire frimerke. Når familiane gjerne får minst ti julekort, burde det vera enkelt å auka mengda, seier Syversen og oppmodar såleis folk til å senda frå seg årets julekortfrimerke. Etter OL på Lillehammer i 1994 tok Tubfrim til med også å samla inn brukte telefonkort, som det óg finst samlarar av. Tubfrim greier å gripa fatt i om lag ein prosent eller 15.000 av alle telekort som blir brukte gjennom året.

Gamle konvoluttar komplett med namn, adresse, stempel og frimerke er også velkomne på Nesbyen for vidaresal til samlarar.

VIL HA MEIR: Dagleg leiar Arvid Syversen i Tubfrim har årleg 15-20 millionar brukte firmerke mellom hendene, men ønskjer endå meir for å få midlar til tiltak for sjuke born.
FOTO: OVE A. OLDERKJÆR