Overskotet frå redningsbasaren i Stongfjorden i Askvoll i vår var på 30.000 kroner. Pengane er overført til Redningsselskapet med beskjed om at dei skal øyremerkast gåvekontoen til sjøredningskorpset til Gulen og Solund.

I fjor var første året dei gjorde det slik. Då gjekk det greitt. I år er pengane førebels ikkje overført, utan at dei vil lage noko stort nummer av det.

— Det er mykje rot no, sukkar Grete Holmar i redningsforeininga i Stongfjorden. - Vi har basaren på våren. Vanlegvis startar vi arbeidet rett etter nyttår. Eg er redd det vil bli vanskeleg å dra i gang ein ny basar.

Nektar å gje

Tilsvarande meldingar kjem også inn frå andre plassar. Redningsforeininga Sneklokken på Atløy nektar å gje overskotet frå ein basar til Redningsselskapet sentralt. Dei vil i staden at 35.000 kroner dei sat att med etter basaren, skal gå direkte til førebyggjande ungdomsarbeid i Sogn og Fjordane og til sjøredningskorpset i Ytre Sogn.

— Vi er rett og slett forbanna over korleis Monica Kristensen Solås, Magnus Stangeland og resten av toppleiinga svertar selskapet og set det i vanry, seier leiaren i laget, Anja Grov Johnsen, til Firda.

— Vi er ikkje interesserte i at pengar som blir samla inn for å hjelpe folk på havet, skal gå til advokathonorar og til å løne rådyre generalsekretærkonsulentar på Høvik, seier kasserar i foreininga, Aud Elsa Grøneng.

Atløyforeininga vurderer no å kutte alle band til leiinga i selskapet, dersom det ikkje blir ordna opp i striden. Meldinga framfor morgondagens styremøte er klar:

— No må det inn folk med andre haldningar og lågare sigarføring, seier Grøneng.

Vil ikkje gje

Signala om at folks tillit til Redningsselskapet sentralt er alvorleg svekt dei siste månadene, har også kome til Henry Indrebø, leiar for Redningsselskapet i Sogn og Fjordane:

— Folk spør oss om kva pengane skal gå til. Seier vi at vi samlar inn til eit lokalt tiltak, finn folk fram lommeboka og gjev som før. Men om vi fortel at det er til Redningsselskapet sentralt, seier folk nei.

— Kvifor skjer dette?

— Folk seier heilt klart at det har med striden i selskapet å gjere. Eg syns dette bør vere ein tankevekkar for dei som har vore med på å skape strid og spetakkel, seier Indrebø.

Mellom tiltaka som no lir, er salet av adventskalenderane, ei vanlegvis sikker inntektskjelde for selskapet.

— Eg får ikkje selt. Folk seier dei har kjøpt Røde Kors sin kalender, og det får halde, fortel Edith Karlsen i Vågane redningsforeining i Kvammen.

Ho støttar fullt ut det naboforeiningane i Askvoll har gjort.

— Det som skjer er trasig. Eg syns eg har stått bra på før. Men no veit eg ikkje om eg orkar gjere så mykje meir, seier Karlsen.