Fordi Helse Fonna må spara pengar, skal den nesten splitter nye fødeavdelinga på Stord sjukehus haldast stengt frå 19.juli til 16.august. Det medfører at 40 — 50 fødande i Sunnhordland må dra til Haugesund for å setja borna til verda.

Ein tilsvarande trafikk av fødande skal også gå motsett veg, frå Haugesund-området til Stord dei tre vekene før Stord-avdelinga sommarstengjer, går det fram av ei pressemelding frå Helse Fonna.

«Bakgrunnen for opplegget er å få en forsvarlig og god drift av vårt tjenestetilbud under avvikling av personalets ferier, uten å måtte ty til mer enn nødvendige ekstrautgifter som følge av innleid ekstrahjelp (ofte fra utlandet) og ekstra vikartjeneste», heiter det i pressemeldinga.

Helse Fonna - eitt av føretaka under Helse Vest - lovar at akuttberedskapen skal haldast oppe både ved Haugesund og Stord sjukehus heile ferietida.