— Situasjonen er dyster. Utviklinga (i Norge red.anm.) har slått forferdeleg negativt ut dei siste åra, seier administrerande direktør Gustav Johan Nydal i Kleven Florø. Det siste byggenummeret forlet skips-verftet i Førde til pinse skriv avisa Firda.

— Framtida er så usikker at vi vurderer å selja verftet. Men vi har ikkje kjøparar på hand i dag, seier Nydal.

Utan ordrar på båtar som skal ha syrefast skrog i tankane blir det heilt slutt med å bygge skipsskrog i Sunnfjord.

Planla sal 17. mai

I går brukte verftsdirektøren fridagen til å førebu sal av anlegget i Førde. Styret i Kleven Florø skal alt komande veke ta stilling til sal av Kleven-anlegget i fyl-kessentret.

Problema kjem på verst tenkeleg tids-punkt. Kleven er lokomotivet i Sunnfjord og avvikling vil ramme ei rekkje underleverandørar. Kleven-anlegget i Førde ber preg av stengning. Dei tilsette er i gang med å dekke til produksjonsutstyr.

Torsdag sat formannskapet og administrasjonen saman i Førde og drøfta ei tøff økonomisk kommunal framtid i fylkessentret.

Stor kriseforståing

–Kriseforståinga er stor, seier ordførar Aud Viken som ikkje likar dei store endringane som kan verta aktuelle.

Kommunen har nyleg også trekt seg ut frå prosjektet «Kunnskapsparken Sogn og Fjordane» - Det er mest snakk om pengar og visjonar og lite kommersielt innhold i Kunnskapsparken, seier Viken til BT.