Dette gjeld strid om innsyn i søkarlista til stillinga som departementsråd ved statsministerens kontor.

Stillinga, som nå er omdøypt til regjeringsråd, vart fyllt i november, då høgsterettsdommar Nina Frisak, etter oppmoding frå Bondevik, søkte tre dagar før utnemninga skjedde.

Inga søkarliste

Stillinga vart utlyst i juni med søknadsfrist i månadsskiftet juni/juli.

Det vart ikkje laga ei søkarliste. Grunngjevinga frå statsministerens kontor var at alle dei tre søkarane hadde bede om anonymitet.

I 30 år har det vore full offentleg innsynsrett i namna på søkarar på offentlege stillingar. Ordninga vart stramma til å fjor av Stortinget.

Bergens Tidende klaga saka inn for Sivilombodsmannen etter å ha blitt nekta opplysningar om kven søkarane var.

Kritikk frå ombodsmannen

I oktober retta Sivilombodsmannen klar kritikk mot behandlinga ved statsministerens kontor. Og han oppmoda statsministerens kontor om å vurdere innsynsspørsmålet på ny.

Kritikken råka Stoltenberg-regjeringa, men det var Bondevik-regjeringa som i mellomtida hadde overteke, som fekk jobben med å vurdere saka på ny.

14. november konkluderte statsministerens kontor med å oppretthalde innsynsnektinga:

Sto fast

«Vi ser det slik at det for hver enkelte av de tre søkerne som har bedt om å få sitt navn unntatt fra den offentlige søkerlisten, foreligger tilstrekkelig tungtveiende hensyn til å følge anmodningen.»

Brevet som var stila til Sivilombodsmannen, var underteikna av departementsråd Bjørn Grydeland på hans siste arbeidsdag som departementsråd.

Nytt prinsipp

Snaut to veker seinare, 27. november, kunngjer statsministerens kontor ledig ei nyoppretta stilling som assisterande regjeringsråd. I utlysingsteksten blir det opplyst mellom anna fylgjande:

«Vi gjør oppmerksom på at navnene på søkerne vil bli ført opp på en offentlig søkerliste.»

Det betyr for det første at det nå ikkje er opp til den einskilde søkaren om namnet hans skal kunne offentleggjerast. Det er det motsette standpunktet av det Stoltenberg-regjeringa sto på og som vart stadfesta av Bondevik-regjeringa så seint som 14. november.

For det andre går Bondevik-regjeringa vekk frå «kronargumentet» til Stoltenberg om at det var viktig med anonymitet for å sikre eit breiast mogeleg tilfang av søkarar. Stoltenberg nytta dette argumentet overfor ombodsmannen for å motsette seg at det vart gjeve innsyn i søkarlista.

Konsekvensane

For det tredje er det openberrt at innsyn i søkarlista på ei stilling som assisterande regjeringsråd også vil måtte få konsekvensar for innsynretten i søkarlister som gjeld andre stillingar. Det kan til dømes gjelde stillingar som departementsråd i andre departement og stillingar som fylkesmann.

Statssekretær Gunnar Kvassheim (V) ved statsministerens kontor opplyser til Bergens Tidende at ein ikkje har drøfta meir generelle retningsliner for praktisering av nye innsynsreglar og kva stillingar som bør vere omfatta.

— Men eg meiner det vil vere naturleg å gjennomføre ein slik diskusjon for å få ein einsarta praksis, seier Kvassheim.

Sivilombodsmannen behandlar for tida ein klage frå Bergens Tidende som nettopp gjeld nekting av innsyn i søkarlistene til tre embete som fylkesmann.