Slit med søvnproblem

Nattarbeid påfører offshorepersonell søvnproblem og gjer dei til storforbrukarar av sovemiddel. Oljeselskapa avviser at nattskift aukar ulukkesrisikoen.

Kvar femte av dei eldste oljearbeidarane offshore brukar sovemiddel, viser ei undersøking gjort av Statens arbeidsmiljøinstitutt. Svært mange tyr til preparatet melatonin som er på resept i Noreg og i fritt sal i andre land. Lysbehandling er også brukt som hjelp til å letta den kritiske overgangen frå nattskift ute til friperiode på land.

Ei spørjeundersøking blant 600 Hydro- og Statoil-tilsette avdekkjer ifølgje fagforbundet Lederne at nattarbeid på plattform hindrar folk i å føla seg utkvilte, og utgjer ein tryggleiksrisiko. Problema forplantar seg også til familielivet.

Rundt ein tredel av i alt 20.000 tilsette på norsk sokkel arbeider natt. Bruken av nattskift og type nattskift har lenge vore konflikttema mellom oljeselskap og tilsette.

«Oppsiktsvekkende»
Fagforbundet Lederne legg i morgon fram ein rapport med «urovekkende og oppsiktsvekkende» opplysningar om konsekvensar av nattskiftarbeid på sokkelen. Oljeindustriens Landsforening (OLF) viser på si side til at det ikkje er dokumentert høg ulukkesrisiko ved nattarbeid offshore.

– Det er forholdsvis lite nattarbeid på sokkelen. Ifølgje ulukkesstatistikken er det ingen auka risiko ved å arbeida natt. Problemet er at det er lite forsking på langtidseffektar av å arbeida natt og i rotasjon på norsk sokkel, seier Kjetil Hjertvik, kommunikasjonsrådgjevar i OLF.

– Den høge aktiviteten gjer at selskapa prøver å overføra fleire oppgåver til natt. Vi får no inn meldingar om selskap som ikkje overheld kompromisset om valfridom når det gjeld arbeidsrotasjon. Og Statoil fører an, seier Terje Nustad, leiar i fagforbundet SAFE, tidlegare OFS.

Minimalt med nattarbeid
– Føresetnaden for å driva på sokkelen er heilkontinuerleg drift. Samstundes arbeider selskapa for å halda nattarbeid på eit minimum, seier Kjetil Hjertvik i OLF.

– Alle erkjenner at det har visse helseeffektar å arbeida om natta, anten det er på sokkelen eller på land. Men kunnskapsgrunnlaget er lite når det gjeld langtidseffektar. For å førebyggja ulukker er industrien blitt flinkare til å planleggja nattarbeid. Dei siste åra har ulukkestala gått ned, mest på natta, seier Hjertvik.

Større risiko
Medisinprofessor Bjørn Bjorvatn, leiar ved Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer i Bergen, er godt kjent med at oljearbeidarar slit med søvn- og trøyttleiksproblem.

– Det er ingen tvil om at ein del fungerer dårleg på arbeid om natta, og at risikoen for å gjera feil dermed aukar. Men å dokumentera ein slik auka risiko er vanskeleg, seier Bjorvatn til Bergens Tidende.

Bjorvatn gjennomfører og har gjennomført fleire undersøkingar omkring nattarbeid på oljeinstallasjonane. Han understrekar at slett ikkje alle som arbeider nattskift på sokkelen er plaga med det. Tvert imot er majoriteten godt nøgd med ordninga.

Les også

Siste fra Innenriks

Drammen vil kan bli religionsnøytral

I Drammen kan kirken miste ansvaret for begravelser, og kirkebyggene kan bli færre. Kommunen vil gjøre byen religionsnøytral.

- Solum Larsen skjenket 17-åringen

Helge Solum Larsen ga spritholdige drinker til den 17 år gamle jenten som har anmeldt ham for voldtekt.

Åtteåring døde etter ulykke i Rogaland

En åtte år gamle gutt som var involvert i en trafikkulykke i Oltedal i Rogaland søndag, døde onsdag av skadene.

Breivik nekter for trusselsamtale

Anders Behring Breivik har i nye politiavhør sagt at det ikke var han som ringte inn trusselsamtalen til departementenes servicesenter i mars.

Vestlandet hardt rammet

Folkehelseinstituttet tror vi når toppen av epidimien i midten av februar.

Rommet var vaska
før politiet slapp til

To krimteknikarar frå Haugesund har finkjemma eit hotellrom i tredje etasje på Ryfylke Fjordhotell på Sand på jakt etter spor i samband med valdtektsiktinga av Helge Solum Larsen.

fakta/ Skiftarbeid offshore

* 43 prosent av alle fast tilsette offshore på norsk sokkel arbeider fast dagskift

* 15,5 prosent arbeider anten to heile veker natt eller to veker dag

* 12,5 prosent arbeider såkalla svingskift med først sju dagar på natt avløyst av sju dagskift

* 5,1 prosent arbeider svingskift med sju dagskift avløyst av sju nattskift

* 2,4 prosent har fast nattskift, resten har varierande ordningar

KJELDE: Petroleumstilsynet 2005/2006

Mest lest

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

Siste saker

SØK I SKATTELISTENE (2009)

På forsiden nå

Lederstillinger

Stillinger