Kvar femte av dei eldste oljearbeidarane offshore brukar sovemiddel, viser ei undersøking gjort av Statens arbeidsmiljøinstitutt. Svært mange tyr til preparatet melatonin som er på resept i Noreg og i fritt sal i andre land. Lysbehandling er også brukt som hjelp til å letta den kritiske overgangen frå nattskift ute til friperiode på land.

Ei spørjeundersøking blant 600 Hydro— og Statoil-tilsette avdekkjer ifølgje fagforbundet Lederne at nattarbeid på plattform hindrar folk i å føla seg utkvilte, og utgjer ein tryggleiksrisiko. Problema forplantar seg også til familielivet.

Rundt ein tredel av i alt 20.000 tilsette på norsk sokkel arbeider natt. Bruken av nattskift og type nattskift har lenge vore konflikttema mellom oljeselskap og tilsette.

«Oppsiktsvekkende»

Fagforbundet Lederne legg i morgon fram ein rapport med «urovekkende og oppsiktsvekkende» opplysningar om konsekvensar av nattskiftarbeid på sokkelen. Oljeindustriens Landsforening (OLF) viser på si side til at det ikkje er dokumentert høg ulukkesrisiko ved nattarbeid offshore.

– Det er forholdsvis lite nattarbeid på sokkelen. Ifølgje ulukkesstatistikken er det ingen auka risiko ved å arbeida natt. Problemet er at det er lite forsking på langtidseffektar av å arbeida natt og i rotasjon på norsk sokkel, seier Kjetil Hjertvik, kommunikasjonsrådgjevar i OLF.

– Den høge aktiviteten gjer at selskapa prøver å overføra fleire oppgåver til natt. Vi får no inn meldingar om selskap som ikkje overheld kompromisset om valfridom når det gjeld arbeidsrotasjon. Og Statoil fører an, seier Terje Nustad, leiar i fagforbundet SAFE, tidlegare OFS.

Minimalt med nattarbeid

– Føresetnaden for å driva på sokkelen er heilkontinuerleg drift. Samstundes arbeider selskapa for å halda nattarbeid på eit minimum, seier Kjetil Hjertvik i OLF.

– Alle erkjenner at det har visse helseeffektar å arbeida om natta, anten det er på sokkelen eller på land. Men kunnskapsgrunnlaget er lite når det gjeld langtidseffektar. For å førebyggja ulukker er industrien blitt flinkare til å planleggja nattarbeid. Dei siste åra har ulukkestala gått ned, mest på natta, seier Hjertvik.

Større risiko

Medisinprofessor Bjørn Bjorvatn, leiar ved Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer i Bergen, er godt kjent med at oljearbeidarar slit med søvn- og trøyttleiksproblem.

– Det er ingen tvil om at ein del fungerer dårleg på arbeid om natta, og at risikoen for å gjera feil dermed aukar. Men å dokumentera ein slik auka risiko er vanskeleg, seier Bjorvatn til Bergens Tidende.

Bjorvatn gjennomfører og har gjennomført fleire undersøkingar omkring nattarbeid på oljeinstallasjonane. Han understrekar at slett ikkje alle som arbeider nattskift på sokkelen er plaga med det. Tvert imot er majoriteten godt nøgd med ordninga.