• Sterkt SV må til for å trekke Ap mot venstre. Dette er bodskapen frå nestleiar Audun Lysbakken i SV etter valnederlaget.

VIDAR YSTAD

Måndag kveld hadde SV sentralstyremøte for å oppsummere valresultatet. Seinare på kvelden skreiv Lysbakken ein oppsummerande artikkel som vart lagt ut på nettet. Han skildrar Ap som ein trulaus partnar som like gjerne finn samarbeidspartnar til høgre som til venstre i politikken.

Til helga skal landsstyret drøfte det elendige valresultatet. Første del av møtet skjer i form av eit «seminar bak stengde dører». Det er ein ny praksis partiet har lagt seg til for behandling av særleg kjenslevare saker etter at partiet kom i regjering. Deretter blir møtet opna med innleiing av partileiar Kristin Halvorsen og debatt.

— Avhengig av sterkt SV - Dersom ein vil unngå at tyngdepunktet i politikken blir flytta mot høgre, er vi avhengig av eit sterkt SV. Det gjeld både lokalt og nasjonalt, seier Lysbakken til Bergens Tidende, og han held fram:

— Ingen må tru at dagens regjering hadde ført den same politikken utan at SV var med i regjeringa. Det er vesentlege politiske skilnader mellom SV og Ap. Å få dette tydeleg fram er både ei utfordring og ein føresetnad for å kunne styrke SV, seier Lysbakken.

I artikkelen som er publisert på SV sine internettsider, skriv Lysbakken mellom anna at når SV blir svekka, er Ap rask til å orientere seg mot dei borgarlege partia.

Han skriv at frieria frå Ap mot Venstre og KrF i Bergen og Oslo kom berre få timar etter at vallokala var stengde.

«I flere kommuner har denne linjen blitt praktisk politikk i dagene etterpå», skriv Lysbakken.

Til høgre og venstre

Han viser til at i Kristiansand har Ap inngått samarbeid med Høgre slik at Høgre fekk ordføraren og Ap varaordføraren.

I Arendal har Ap inngått avtale med KrF som stilte som vilkår at SV måtte haldast utanfor. Det vart gjennomførd.

I Porsgrunn, der Ap hadde ordføraren og SV varaordføraren, har Ap nå inngått avtale som sikrar at partiet held på ordføraren medan Venstre får varaordføraren.

«I Namsos har Ap alliert seg med de borgerlige og kastet den populære SV-ordføreren, Kåre Aalberg, til tross for at SV gjorde et svært godt valg og Aalberg også hadde støtte fra Senterpartiet», skriv Lysbakken.

Lysbakken påpeikar at det politiske tyngdepunktet blir flytta mot høgre som følgje av at SV har gjort eit dårleg val. Han legg til at eit raudgrønt samarbeid har som føresetnad eit sterkt SV.

- På tynn is - På tynn is

Ap sin byrådsleiarkandidat i Bergen, Terje Ohnstad, går i rette med Lysbakken:

– Når det gjeld forholda i Bergen, tyder utsegnene hans på at han ikkje kjenner forholda godt nok. Før valet laga Ap, Sp, SV og RV ein felles plattform for ein ny kurs og eit nytt byråd. Alle visste at det hadde liten sjanse til å lykkast om ikkje Venstre og KrF skifta side. Oppgåva vår var å unngå eit nytt mørkeblått byråd. Realismen i prosjektet vårt var å få KrF og Venstre til å skifte side.

Ohnstad seier at han ikkje har høyrt eitt kritisk ord frå nokon av samarbeidspartnarane om initiativet overfor KrF og Venstre.

— Men kva seier du så til det som har skjedd andre stader i landet, som i Kristiansand?

— Eg kjenner ikkje forholda lokalt og skal ikkje ha sterke meiningar om det. Men eit slikt samarbeid ville ikkje vore mogeleg i Bergen, seier Ohnstad.

KRITISK: - Dersom ein vil unngå at tyngdepunktet i politikken blir flytta mot høgre, er vi avhengig av eit sterkt SV. Det gjeld både lokalt og nasjonalt, seier Audun Lysbakken.
Lien, Kyrre