På presentasjonen av Bergen Senterpartis miljøplan for 2007, hadde lokallaget henta krefter frå sentralt hald.

Miljøpolitisk talsmann i Sp, Ola Borten Moe, trur kommunane etter kvart vil kunne leggje større føringar på kva energiformer som skal nyttast, enn kva som er tilfelle i dag.

Kva meiner du? Sei di meining her!

— Der fjernvarmeanlegg er uaktuelt skal nærvarme vurderast, meiner Sps til no einaste bystyremedlem, Kjersti Toppe.

For Sp er det eit mål at kommunens varmebehov i størst mogleg grad skal dekkjast av bioenergi, varmepumper, fjernvarme, solenergi eller andre miljøvenlege løysingar.

— For kvart dårlege energival er truleg toget gått for all framtid, seier Borten Moe, og tenkjer på energiløysingar for nye utbyggingsområde.

Her er SVs resept | Slik vil Ap gjere det

- Biltrafikken er verstingen

Bergen Sp vil at kommunen reduserer CO2-utsleppa med 30 prosent innan 2020.

Ifølgje talmateriell Toppe har henta frå Statistisk sentralbyrå kjem 56 prosent av Bergens CO2-utslepp frå vegtrafikken. Fossilt brensel til oppvarming og andre formål i bygg står for 22 prosent, medan avfallsdeponering står for 8 prosent av utsleppa.

Sjekk vår klimablogg

Sp har som mål at det skal vere mogleg å leve utan bil i Bergen. For å klare dette vil dei:

  • leggje til rette for lågare transportbehov gjennom arealplanlegging med gang- og sykkelavstand mellom bustad og kollektivknutepunkt, og for ytterlegare fortetting.
  • seie nei til nye bilbaserte kjøpesenter.
  • ha restriktiv politikk ovanfor nye vegprosjekt som fører til auka biltrafikk i sentrum.
  • at Bybanen skal raskast mogleg forlengast til Flesland, og på sikt leggjast til alle bydelar og kommunane rundt.
  • ha massiv utbygging av parkeringsplassar i bydelane (park and ride), og at det vert sett eit maksimaltal på P-plassar i sentrum.
  • vil gjere Bergen om til sykkelby ved bygging av fleire gang- og sykkelvegar, samt fleire sykkelparkeringar.
  • oppretthalde piggdekkavgifta så lenge den piggfrie delen av bilparken er under 80 prosent.

Partiet vil òg vurdera eit tidsavgrensa forsøk med rushtidsavgift og øyremerke desse midlane til kollektivformål. Ei føresetnad er at kollektivtilbodet er tilstrekkeleg utbygd først.

Sp vil ha ei fullstendig sortering av hushaldningsavfall, inkludert våtorganisk avfall, innan 2010.

Sjekk våre klimasider

- Gode konkrete tiltak

Leiar i Natur og ungdom i Hordaland, Pernille Hansen, meiner miljøprogrammet til Sp er noko av det beste dei har sett så langt valkampen.

— Sp har ei veldig god målsetjing om reduksjon av CO2-utslepp, og dei har gode konkrete tiltak for å få dette til.

Natur og ungdom likar at Sp har ei restriktiv halding til vegutbygging og parkeringsplassar i sentrum. Einaste innvendinga til Natur og ungdom er Sps nøling i saka om ny Arnatunnel.

— Vi håpar dei held fast ved nei-standpunktet til denne tunnelen, og håpar dei føl opp den gode miljøplanen i praksis.

BORTEN PÅ LAGET: Bergen Senterparti fekk støtte frå moderpartiet sin miljøpolitiske talsmann Ola Borten Moe, då dei la fram lokallagets miljøplan. F.v.: Leiar Irene Skarsten, Ola Borten Moe, bystyrerepresentant Kjersti Toppe og nestleiar og andrekandidat Ove Sverre Bjørndal.