OVE A. OLDERKJÆR

ove.olderkjaer@bergens-tidende.no

Stord

Spesialfartøyet har i tre døger denne veka ved hjelp av miniubåt trålt eit 240 mål stort botnområde ved skjeret Store Bloksa som snøggbåten havarerte på 26. november. Ingen av dei tre som framleis er sakna blei funne. Forliset kravde i alt 16 dødsoffer. Hordaland politidistrikt avgjorde i går i samråd med Sjøforsvaret at søket skulle innstillast. Skipssjef Arne Nagell Dahl på KNM "Tyr" fortel til Bergens Tidende at det etter to grundige botnsøk no ikkje er enkelt å påvisa kor eventuelle nye søk bør setjast inn. I desember søkte spesialfartøyet "Geobay" med miniubåt i det samme området. Søket skjer ved at miniubåten blir ført over botn langs parallelle liner med fem meters fråstand. I området der dei fleste overlevande og omkomne etter forliset blei plukka opp er breidda på søksområdet utvida med hundre meter i kvar retning. Sjøforholda har vore gode medan "Tyr" har drive sine søk. Fleire vrakrestar og personlege eigedeler frå "Sleipner"-passasjerar er funne på nær hundre meters djup nordaust for Store Bloksa, ikkje langt frå der vraket etter Flaggrute-fartøyet ligg. "Tyr"s miniubåt søkte i går nordvest og nordaust for Store Bloksa, nesten heilt opptil Haaskru lykt ved Lyngholm.