VIDAR YSTAD

Det meiner direktør Erik Dalen i meiningsmålingsinstituttet MMI å kunne fastslå på grunnlag av omfattande haldningsundersøkingar i Noreg. Undersøkinga vart presentert på eit seminar i Landbruksdepartementet i går.

MMI har stilt fleire spørsmål i den undersøkinga som går under namnet norsk monitor. Fleire av dei same spørsmåla er stilte i 1999, 2001 og 2003.

Meir positiv

Overføringa til norsk landbruk har lege stabil på 10-12 milliardar kroner dei siste 8-9 åra. I realverdi har summen dermed gått ned.

Markert færre meiner overføringane er for store. Prosentsatsen har falle frå 34 via 22 til 19 over desse fire åra. Klart fleire meiner det blir løyvd for lite. Tala viser ein oppgang frå 10 via 15 til 16 prosent. Mellom 35 og 33 prosent meiner løyvingane er passe, medan veit ikkje-prosenten har gått frå 19 via 25 til 32 prosent.

60 prosent meiner det er viktig å ta vare på bygdene.

53 prosent meiner meir må gjerast for å legge til rette for næringsutvikling i distrikta, medan 37 prosent meiner det er viktig å oppretthalde landbruket på same nivå som i dag.

Til distrikta

35 prosent kan tenkje seg å busetje seg i distrikta. 26 prosent kan ikkje tenkje seg det, medan 23 prosent er busett i distrikta i dag. 15 prosent svarar veit ikkje.

Ei prosenteining her svarar til 38.000 menneske. Det inneber at godt over ein million av innbyggjarane som ikkje bur i distrikta i dag, kan tenkje seg å flytte.

Problem med å skaffe arbeid og oppfatninga at servicetilbodet er for dårleg. er av dei viktigaste faktorane som hindrar flytting til distrikta, ifølgje undersøkinga.

Det er ifølgje undersøkinga mindre fokus på om produkta er produsert i Noreg eller ei, enn før. Dalen tolkar det slik at dette betyr at forbrukarane har større tiltru til Matttilsynet enn tidlegare.

— Utkantdepartement

Landbruksminister Lars Sponheim (V) satsar alt på at distrikta skal utvikle seg ved å dra nytte av dei naturgjevne fortrinna. Stikkord er landbruk, kulturlandskap, turisme som skal utviklast hand i hand. Sponheim nemner rorbukonseptet som døme. Der er det stipulert at ein kilo fisk som blir teken på land av ein turist kastar 20 gongar meir av seg enn ein kilo teken på land av ein yrkesfiskar.

— Landbruksdepartementet er eit utkantdepartement. Vi satsar nå meir på utvikling av bygdene mellom anna gjennom prosjektet Landbruk pluss, seier Sponheim.

Han seier at strukturrasjonaliseringa i landbruket vil og skal halde fram. Han hevdar at optimismen i landbruket nå er på veg tilbake ved at dei strenge reguleringane blir avskaffa. I staden blir det opna for meir lokal tilpassing og produksjon.